5.div: Klar for lunsj - klar for kamp!

Då er det klart for kampdag igjen for a-laget, denne gongen er det mot Florø 3 det skal kjempast om poeng mot.

Tambarspelarane møtast også denne søndagen til lett lunsj før kamp, som dei har gjort før fleire av sine heimekamper. A-laget har i år hatt fokus på den sosiale biten, der spelarar, trenar og støtteapparat har møttes nokre timar før kampstart for ein lett lunsj, gode skrøner og sosialt samvær.
Om det er dette som har gjort at laget har hatt ein så god sesong, skal være usagt. Men at spelarane har sett pris på tiltaket, trur vi, når vi ser kva som ligg att på tallerken etter etegildet …...

I tillegg til til matuake og sosial samling, har laget også hatt fokus på sikker transport til bortekampane. Med minibuss innleigd, reiser laget samla til alle utekampane sine denne sesongen.
Utan a-lagets sponsorar , hadde det vorte vanskeleg å få til dei positive tiltaka som er gjort for spelarane denne sesongen.

Desse sponsorane er med på Tambar sitt 5.divisjonslag denne sesongen:

Hovudsponsor: Norgeshus Naustdal Bygg og Enivest.
Sponsorar: BDO, Best bensinstasjon, Åsen og Øverlid, Naustdal Dampbakeri, Firda avis, Handelshuset.





KAMPSTART på Naustdal stadion i dag er kl.15:00.

TAMBAR KVISSEN: Tipp resultatet, vinn Flaxlodd:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse