5.div: Tambar møter Florø 3 på stadion søndag

Etter sist runde måtte Tambar gi frå seg tabelltoppen i 5.divisjon til Eikefjord, etter at laget fekk sitt andre tap for sesongen. Med mykje sjukdom og fråfall til bortekampen mot Selje, tapte laget 4-2.

Søndag er det ny kamp for laget. Denne gongen er det heimekamp, der Florø 3 er motstander. Trener Jan Magne Langedal melder om at det vert betraktleg større tropp til denne kampen enn mot Selje, og trur at laget igjen skal kunne kjempe om nye tre poeng.

Florø 3 starta sesongen forsiktig, men starta poengjakta i siste del av vårsesongen. Sist runde vann dei heile 7-1 mot Bremanger, og har no klatra opp på 6.plass med 14 poeng.

Tabell og meir om Tambar sitt A-lag finn du her: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-menn.html

TAMBAR KVISSEN: Ingen tipparar har greidd å prikke inn rett resultat i dei to siste rundane av Tambar Kvissen. Får vi ein vinnar i denne runden?

TIPP resultatet i kampen Tambar-Florø 3 og vinn Flaxlodd:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse