5.div: Tambar tapte mot Selje

Tambar-kaptein Espen Langedal i dagens kamp mot Selje.

Tambar måtte reise til Selje med eit svekka lag til dagens kamp, og hadde berre ein spelar på innbyttarbenken då dommaren bles kampen i gang.

Kampfakta 5.div
SELJE-TAMBAR 4-2 (1-1)

0-1 Vegard Savland (12 min)
1-1 Ole Andreas Solheim (20 min)
2-1 Martin Hove (50 min)
3-1 Ole Andreas Solheim (58 min)
3-2 Nikolai Stølsvik (80 min)
4-2 Jan Kristian Apelseth (88 min)

Dommer: Kjell Dagfinn Alme, Sandane Turn og Idrettslag
Gule kort: Andrè Sølvberg, Kristoffer Hammarset, Vegard Savland + ein spelar frå Selje.

Tambar sitt lag:

Olav Engebø Hundershagen
Joakim Engebø
Espen Langedal
Anders Aase
Nicolai Sundbye
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Henrik Hundershagen
Kristoffer Hundershagen
Vegard Savland
Kristoffer Hammarset
Nikolai Stølsvik


Tambar åpnar friskt og legg eit solid press på heimelaget dei fyrste minutta av omgangen. Laget kjem til nokre halvsjansar, før Vegard Savland sender Tambar i 1-0 leiing etter 12 minuttar spel. Han kjem seg fri på venstre kant, og set ballen kontant i mål frå skrå vinkel.

Etter scoringa fortset Tambar der dei slapp, og produserer fleire angrep der det lett kunne blitt fleire mål. I tillegg burde dommaren blåst for straffespark då Andrè Sølvberg vart felt på veg gjennom Seljeforsvaret.

Selje kom meir med i kampen utover omgangen, og fekk si redusering i det 20 minutt. Tambar kunne, og burde, gått opp til 2-1 då laget spela klikk-klakk gjennom Seljeforsvaret like før pause. Desverre stod tverrliggaren i vegen for Kristoffer Hammarset si avsluttning.

Andre omgang vart ein stor nedtur for Tambarspelarane. Laget fekk to kjappe mot seg tidleg i omgangen, og det vart tungt å hente innatt Seljeleiinga. Sjølv om det vart eit håp om poeng då Nikolai Stølsvik sette kontrollert inn 2-3 etter innlegg frå høgre i det 80. minutt, var håpet ute for poeng då heimelaget sette inn 4-2 og vinnarmålet etter 88 minutt.

:) I dag meiner vi dagens Tambarspelar er Espen Langedal. På trass av å være meir sjuk enn frisk, gir han jernet og står fram som ein bauta i forsvaret og kaptein for laget gjennom heile kampen.

* Tambar fekk ein god start på dagens kamp, men heimelaget får ta meir over initiativet i kampen, særleg i andre omgang. Pasningsspelet i dagens kamp var ikkje slik vi er vande å sjå frå laget, der det var meir feil enn vi har sett av dei denne sesongen. Selje fekk nokre lettkjøpte mål, og Tambar var fullt på høgde med heimelaget sjølv på ein heller dårleg dag.

** Her er det berre å gløyme dagens kamp, og sjå fram mot neste kamp som er mot Florø 3 på Naustdal stadion fyrtskomande søndag. Vi får prøve å glede oss over dei enorme jubelscenene vi fekk oppleve frå Seljepublikum og Seljespelarane då det var klart at dei vart vinnar av dagens kamp.

*** Spennande vert det utover hausten i 5.divisjon, der Eikefjord no har overteke tabelltoppen med 28 poeng og Tambar på andre plass med 26 poeng. Det gjenstår seks kampar i haust, der Tambar spelar to bortekampar og fire heimekampar. Blandt anna møter Tambar Eikefjord på Naustdal stadion i september .......


BILDER FRÅ DAGENS KAMP:

Les mer: Foto A-lag 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse