5.div: Tambar med storseier mot Eid 2

Tambar spela ein solid kamp då dei møtte Eid 2 på stadion i dag, og kunne gå av bana med ein overbevisande og fullt fortent 7-2 seier.

Toppscorar for Tambar, Iben Munkvold, noterte seg for tre scoringar i dagens kamp. Desverre for Iben, vart han skada i ein duell med keeper minutter før pause. Etter sjekk hjå lege, er heldigvis Iben oppe og går att.

Tremålsscorer vart også Vegard Savland i kampen mot Eid 2, og har med det fire nettkjenningar for Tambar på to kampar.

I tillegg til Iben og Vegard, scora Henrik Aase eit flott mål på heil volley.

BILDE: Tremålsscorarane Iben Munkvold og Vegard Savland ilag med Tambar sin kaptein, Espen Eithun Langedal.


5.div
TAMBAR-EID2 7-2 (5-1)

1-0 Vegard Savland 2.min
1-1 Eid 2 (str) 10.min
2-1 Iben Munkvold 26.min
3-1 Iben Munkvold 28.min
4-1 Vegard Savland 38.min
5-1 Iben Munkvold 43.min
5-2 Eid 2 65.min
6-2 Henrik Aase 75.min
7-2 Vegard Savland 78.min

Dommer: Magn Helge Brattelid, Dale IL
Rødt kort: Gunnstein Vefring + ein spelar frå Eid 2
Tilskodarar: 45

BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html

Tambar si fyrste scoring i kampen kom allerede etter 2 minuttar i dagens kamp mot tabelltrear Eid 2, då Vegar Savland var frampå og netta i sin fyrste heimekamp etter heimkomsten til gamleklubben.
Tambar køyrde kampen dei første minutta, og rulla opp fleire gode angrep og kunne lett ha putta fleire mål.
I det 10.minuttet får gjestane tildelt straffespark, då ein Eid-spelar blir felt ved 5-meteren til Tambar. Sigmund Bjørgan i Tambarmålet går til feil side, og dermed 1-1.

Utover i omgangen tek Tambar over spelet ute på grasmatta, og har full kontroll omgangen ut. Vi får sjå eit flott samarbeid mellom spissane Iben Munkvold og Vegard Savland. To kjappe scoringar, i det 26. og 28.minutt, der Iben blir kreditert måla og assist frå spissmakker Vegard.

Vegard er på farten att i det 38. minutt og scorer sin andre og lagets fjerde for dagen.
Tambar sin femte i kampen, er det lagets toppscorer Iben som står for, då han i duell med Eidkeeperen får sett ballen forbi sisteskansen og i mål.
Desverre for Iben sin del, får han seg ein real trøkk i hovudet i denne duellen og må forlate bana. Heldigvis er han oppe og går att etter ein tur innom legevakta.

I andre omgang, som på langt nær vert så fartsfylt som 1.omgang, er det gjestane frå Eid som scorer først etter eit fint angrep.
Vi må vente til det 85.minutt før vi får sjå Tambar si fyrste scoring i andre omgang. Henrik Aase bankar ballen i mål på heil volley, etter corner til heimelaget.
Berre to minuttar etter setter Vegard sin tredje scoring for dagen, og fastsetter sluttresultatet til konfortable 7-2 mot gjestane frå Eid.

Tambar sitt lag:

Sigmund Ivan Bjørgan
Bjørnar Landsverk
Espen Eithun Langedal
Anders Aase
Henrik Aase
Andreas Brandsøy
Henrik Engebø Hundershagen
Gunnstein Vefring
André Sølvberg ( ut 75.min)
Vegard Savland ( ut 75.min)
Iben Munkvold ( ut 44.min)

Jørgen Helgheim (frå 75.min)
Kristoffer Engebø Hundershagen (frå 44.min)
Ole-Bertil Elvebakk (frå 75.min)


* Tambar tek ein solid og konfortabel seier mot tabelltrear Eid 2, og vinn fortent 7-2 i dagens oppgjer. Laget spelar ein meget god fyrste omgang, og i denne omgangen luktar det 4.divisjonstakter av trenar Jan Magne Langedal sitt mannskap.
Vi fekk sjå gode takter av spissparet Iben og Vegar, som sette inn seks av sju mål i dag.
På midtbana hadde Tambar for det meste full kontroll med spelarane Andreas, Henrik H, Gunnstein og Andrè.
Sjølv om Tambar fekk to imot i ettermiddag, klarte lagets forsvar å demme opp gjestane sine forsøk, og Bjørnar, Anders, Espen og Henrik AA med Sigmund mellom stengene hadde kontrollen på det som kom frå Eidlaget.

Kampfakta og bilder kjem etterkvart .....................

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse