Tambar topper tabellen etter 6-4 mot Loen

Tambar vann bortekampen mot Loen med siffera 6-4 i dag. Med seieren tek Tambar over leiinga av 5.divisjon med 23 poeng, poenget meir enn Eikefjord på 2.plass.

5.divisjon
LOEN-TAMBAR 4-6 (2-4)

1-0 Loen 10.min
1-1 Iben Munkvold 15.min
1-2 Iben Munkvold 18.min
1-3 Bjørnar Landsverk 24.min
2-3 Loen (str,) 27.min
2-4 Vegard Savland 31.min
2-5 Andrè Sølvberg 57.min
3-5 Loen 75.min
3-6 Henrik Aase (str) 80.min
4-6 Loen 85.min (str)

Tambar sin tropp:

Sigmund Bjørgan
Bjørnar Vårdal Landsverk
Anders Aase
Espen Eithun Langedal
Joakim Engebø
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Iben Andrè Munkvold
Vegard Savland

Henrik Aase
Jørgen Angvik Helgheim
Kristoffer Hundershagen
Nikolai Sundby

BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html

Tambar åpna kampen friskt og la eit solid press på spelarane frå Loen. Tambar produserte mange sjansar i starten, men ein god og heldig Loenkeeper fekk ei hand eller fot på store Tambarsjansar.
Mot spelets gang scorar heimelaget og tek leiinga i kampen. Loen får corner, Tambarforsvaret klarerer i fyrste omgang. Men eit nytt innlegg frå kant går over Tambarforsvaret, over keeper og i mål.

Tambar ristar fort av seg sjokket, og er frampå og utlignar berre få minuttar etter. Tambars toppscorar, Iben Munkvold, i samarbeid med Vegard Savland set inn Tambar si fyrste scoring for dagen.
Tambar er no bra på hugget, og på ny ser vi bra samarbeid mellom spissane og Iben får æra av å sette laget si andre scoring og 2-1 leiing.
3-1 vert det då Bjørnar Landsverk heddar ballen kontant bak Loenkeeperen etter corner frå Vegard.

Straffespark av billigaste sort vert det då ein Loenspelarar av ein eller anna grunn ramlar på graset framfor ein Tambarforsvarar inne i sekstenmeteren. Straffeparket endar med mål, og Loen pustar på ny Tambar i nakken.
Etter halvtimen spelt i fyrste omgang, kjem kampens sjette (!) scoring. Etter ein del sjansar i starten av kampen, får Vegard Savland endleg skikkeleg treff. Gunnstein Vefring er høgast og får stussa ballen vidare til Vegard. Han tek ballen med nokre meter og dunkar ballen i nettmaskene bak ein sjanselaus keeper, og Tambar er oppe i 4-2 leiing.

Andre omgang er tolv minuttar gammal då Tambar aukar leiinga til 5-2. Andrè Sølvberg har fått fart på føttene og spring forbi det som er av Loenforsvar, og plasserer ballen kontrolert til side for keeper og i mål.

Kvarteret før slutt er heimelaget på ny på visitt framfor Tambarkeeper Sigmund Bjørgan. Eit frispark frå kanten av sekstenmeteren går direkte i nota, og Loen reduserer til 3-5.

Henrik Aase blir felt på veg gjennom Loen sitt forsvar, og dommar dømmer heilt korrekt straffe. Henrik tek straffa sjølv, og gjer ingen feil og scorar sikkert og 6-3 til Tambar.

I det 85.minutt er det heimelaget sin tur til å bli tildelt straffe. Joacim Engebø feller ei spelar frå Loen, og Joacim får sjå det raude kortet frå dommaren.
Straffesparket redder Tambarkeeper Sigmund mesterlig, men desverre er det ein Loenspelar på returen og han får sett ballen i mål.

Vi var vitne til ein målrik kamp på stadion i Loen, der det vart scora heile 10 mål. Det var aldri noko tvil om kor seieren skulle hamne, men det var noko overraskande at heimelaget fekk sette heile fire mål i Tambarnota, mål som trenar Jan Magne betegnar som rufsete.

Tambar var det klart beste laget i dag, og ein kan ikkje klage på antal målsjansar laget skapte i løpet av 90 minuttar. Berre ein god og heldig Loenkeeper, og utur og for lite presisjon på avslutningane, gjorde at Tambar ikkje scora meir enn dei seks dei sette i kampen.

Iben Munkvold befesta sin plass på toppscorarlista, og fekk to nye i dag og er med det oppe i ni mål denne sesongen. Han forlot bana etter berre 25 minuttar spel, då han fekk ein føling med ei tidligare skade.

Vegard Savland fekk sin første nettkjenning for gamleklubben, då han sette inn Tambar si fjerde scoring.

Tambarspelarane spelte ein bra kamp, der vi denne gongen vil framheve Gunnstein Vefring. Han spelte berre fyrste omgang i dag, men hadde ein svært god dag på midtbana. I høgden var han konge og tapte knapt ein hovudduell, og gjorde ellers ein mykje god kreativ jobb.

MEIR OM A-LAGET FINN DU HER: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-menn.html

Sida blir oppdatert .............

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse