5.div: Avdelingsleiaren starta haustsesongen med tap

Mjølkeråen og co fekk det vanskligare enn dei hadde håpa på, då Eikefjord starta haustsesongen mot Florø 3 på ei ny og flott kunstgrasbane på Florø stadion fredag kveld. Om Eikefjordlaget hadde sommarens treningskamp for lang framme i minne (2-3 tap mot Hyen), veit ikkje vi. Men for oss nøytrale tilskuere, vart det ei heller kjedeleg forestilling i Florøbyen, der laga for det meste kjempa mellom sekstenmetrane til kvarandre. Eit lyspunkt var kveldens dommer, som fekk fram smilet og dels latteren til eit 20 tals publikum.......

Som sagt vart det ein sjansefattig kamp, der Florø var det mest effektive laget. Laget scora eit spelemål og fekk eit straffespark dei sette i mål, medan Eikefjord fekk sitt trøystemål to sekundar før dommaren bles av kampen. I tillegg fekk heimelaget eit annulert mål, då dommar feilaktig dømmer offside.

Dette betyr at om Tambar gjer jobben sin i Loen søndag ettermiddag, og dreg frå Nordfjord med tre poeng, vil Jan Magne sitt mannskap overta tabell-leiinga i 5.divisjon avd.2. Men ein vanskeleg kamp møter Tambar på søndag.
Bana til Loen er frykta av mange lag, ei til dels smal og lita grasbane vil nok ikkje innby til Tambar sitt vante spel. Men Tambargutane veit etterkvart kva som må til for å dra iland seieren, og laget har i år ein god statistikk på bortebane.

RUNDE 10:

Florø 3-Eikefjord 2-1
Selje-Stryn 2
Loen-Tambar
Eid 2-Bremanger
Tornado Måløy 2-Hornindal

Spelt torsdag ( framskynda frå 01.09) Hornindal-Stryn2 4-3


TIPP RESULTATET LOEN-TAMBAR - VINN FLAXLODD:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse