5.div: Tambar startar haustsesongen borte mot Loen på søndag

Tambar sitt a-lag reiser til Nordfjord og møter Loen i haustsesongens første kamp fyrstkomande søndag. Sist laga møttes, den fyrste kampen i vår, vann Tambar med konfortable 6-0.

Etter den gode vårsesongen til laget, har vi tidligare nemt at klubben har endra målsetting for sesongen. Laget hadde som mål å etablere seg i divisjonen. Etter at fleire utflytta Tambarspelarar har meldt sin tilbakekomst i sommar, ser klubben det som realistisk å kjempe om eit opprykk til 4.divisjon.

I haustsesongen får Tambar med Vegard Savland, Tore Klopstad og Kristoffer Hundershagen. Laget må klare seg uten Joar Vefring, som har reist til Stavanger og blitt student. I tillegg vil også Henrik Aase takke for seg, men han vil bli med deler av hausten.

Etter den gode vårsesongen ligg Tambar på andre plass med 20 poeng, to poeng bak avdelingsleiar Eikefjord. Laget har scora jamt og trutt, der Iben Munkvold er toppscorer med sine sju mål. Elleve mål har keeperane Olav Hundershagen og Sigmund Bjørgan slept inn på dei fyrste ni kampane.


BLI MED OG TIPP RESULTATET LOEN-TAMBAR :

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse