A-laget går for 4.divisjon - forsterkar laget før haustsesongen

Tambar Fotball sitt a-lag har endra målsettinga for laget i årets sesong, der vårsesongen har vore svært god for trenar Jan Magne Langedal og troppen hans. Laget ligg på 2.plass i 5.divisjon avd.2, der Eikefjord topper tabellen med 22 poeng medan Tambar har 20, når laga gjekk ut i sommarferie.

Med nye målsettingar for sesongen, er det også klart at Tambar får fleire spelarar inn i troppen frå hausten av.

Vegard Savland (bilde) gjekk til Førde frå Tambar sommaren 2010, der han spela ein del kampar for Førde 2. I tillegg har han bøtta inn ein del mål for Saga, og var der til Saga trekte laget sitt frå seriespel i 2012.
Den siste tida har Vegard spelt 3.divisjon for Bergenslaget Tertnes, der han har funne nettmaskene fem gonger.
Tambar Fotball, Tertnes og Vegard er blitt einige om overgang til moderklubben, noko som betyr at han er klar til Tambar sin fyrste haustkamp mot Loen 4.august.

I tillegg til Vegard, er også Kristoffer Fauske Helgås klar for Tambar att. Kristoffer var med i troppen i fjor, men tok ein aldri så liten pause då han det siste året har gått på skule i Sogndal. Kristoffer fekk eit innhopp i Tambar sin siste kamp i vårsesongen, mot Hornindal.

Tidligare på heimesida har vi også meldt at Tore Klopstad er klar for 5.divisjonsspel for Tambar. Etter ei tid i Rogaland og 4.divisjonsspel, er han no tilbake i moderklubben, og er klar når haustsesongen startar opp.


Meir om Tambar sitt a-lag:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse