5.div: Tambarjubel etter 4-1 mot Hornindal

Jan Magne Langedal og Tambarspelarane kunne på ny juble for seier. I kveld var det Hornindal som vart sendt heim til Honndalen med 1-4 i kofferten.

5.divisjon
Eikefjord stadion

TAMBAR-HORNINDAL 4-1 (1-0)

1-0 Andrè Sølvberg
2-0 Bjørnar Landsverk
3-0 Jørgen Helgheim
4-0 Henrik Aase
4-1 Hornindal


BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html

Tambartropp:

Sigmund Bjørgan
Olav Hundershagen
Espen Langedal
Anders Aase
Joacim Engebø
Henrik Aase
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Iben Munkvold
Jørgen Helgheim
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Bjørnar Landsverk
Kristoffer Fauske Helgås
Ole-Bertil Elvebakk

På grunn av arbeidet på Naustdal stadion, som har drege ut i tid, måtte Tambar avslutte vårsesongen med ”heimekamp” på kunstgraset på Eikefjord stadion mandag kveld. Motstander i den siste kampen for Tambar før sommarkvilen, var Hornindal.

Tambar tok komandoen i kampen frå start av, og kunne teke leiinga etter få minutter spel. Etter eit fint angrep frå heimelaget, såg publikum ballen i mål. Men ei forbaska målstang stod i vegen for ein pangstart på kampen.

Tambar spelar hurtig og fin fotball i denne omgangen, og ruller opp det eine fine angrepet etter det andre. Med nok eit stolpeskudd og Hornindalkeeper i vegen for Tambarkanonaden, var det befriande å sjå ballen i nota etter 23 minutters spel.

Målet kjem etter at Andre Sølvberg kjem seg fri på venstrekanten. Med god trøkk på innlegget er ballen innom ein Hornindalspelar før den endar i målnettet og 1-0!

Tambar dominerer stort i første omgang, der gjestane ikkje set Tambarkeeper Olav Hundershagen på ein einaste prøve i heile omgangen.

I andre omgang er Hornindal meir på høgget, og har tydeleg ikkje gitt opp håpet om poeng. Men Tambar har fortsatt god kontroll, sjølv om dominansen ikkje er slik vi såg i omgangen før. Alikevel vert det berre halvhjarta forsøk frå Hornindal si side, for Tambarforsvaret har god kontroll på det som kjem.

Utover andre omgang kjem Tambar for fullt inn i kampen att, skapar sjanser, men lukkast ikkje heilt i den avgjerande fasen. Men spelarane er tolmodige, sjølv om det buttar litt i mot framfor kassa. Og tolmodet skal vise seg å gi resultat.

Eit hardt innlegg frå Henrik Aase vert styrt i mål av Bjørnar Landsverk, og Tambar doblar leiinga til 2-0.
Etter 2-0 scoringa vart det eit fele køyr mot Hornindalmålet, der det berre er eit tidsspørsmål når neste scoring ville kome.

Nok ein gong spelte Andrè Sølvberg seg fri på kant og fekk lagt inn framfor mål. Jørgen Helgheim var på rett plass, og i kamp med ein forsvarer sette han ballen i mål og 3-0 til Tambar.

Kveldens perle av eit mål, var det Henrik Aase som stod for. Frå eit-par-og-tjue meter lada han kanona, og det knallharde skotet fekk ein perfekt bane som gjekk til side og utagbart for gjestane sin keeper og i nettmaskene!

Heilt på tampen av kampen får Hornindal sitt trøstemål, og Tambar vinn kampen med konfortable 4-1.

Tambar er det klart beste laget i kveldens kamp, har kontroll frå start til slutt og der LAGET legg ned ein formidabel jobb kampen igjennom! At laget berre leda 1-0 til pause, skal gjestane frå Hornindal være svært så glade for. Med kveldens seier er Tambar igjen på toppen av tabellen, poenget meir enn Eikefjord og med ein kamp meir spelt. Kveldens Tambarmotstander møter Eikefjord på heimebane komande fredag. Kan dei stikke kjeppar i hjula for Eikefjordingane i den kampen?

Les meir om A-laget:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse