5.div: Tambar på tabelltoppen etter 1-0 seier over Eikefjord

Tambar påførte Eikefjord sesongens første tap, då dei vann fortent 1-0 på Eikefjord stadion i kveldens toppkamp.
Etter kveldens seier klatrer også Tambar på toppen av 5.divisjon, og leiar med to poeng på naboane i vest.

Tambar si scoring sette, ikkje uventa, toppscorer Iben Munkvold inn, etter ei mønsterkonting av Tambar.

BILDE: Iben har nettopp ført Tambar opp i leiinga, og blir gratulert av Henrik Aase, Henrik Hundershagen og Andreas Brandsøy. (Klikk på bildet for å få større)



5.divisjon avd.2
Eikefjord stadion

Eikefjord-Tambar 0-1 (0-0)

0-1 (61) Iben Munkvold


Gult kort Tambar: Gunnstein Vefring, Joar Vefring.

Dommer: Vithusan Puthi, Florø SK


BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html


Tambar tok initiativet i fredagens toppkamp på Eikefjord stadion, og hadde som plan å spele fotballen vi kjenner dei for frå kampane tidligare i år. Men ei humpete og ujamn bane gjorde dette vanskeleg. Laget kom til nokre halvsjansar i omgangen, men utan å sette Eikefjordkeeper på dei store utfordringane.
Omgangens største, og einaste, sjanse hadde heimelaget minuttet før pause. På eit frispark like utafor 16 meteren, var ein Eikefjordspelar høgst inne i feltet. Han fekk stussa ballen, som tok retning mot høgre stolperot. Men Tambarkeeper, Olav Hundershagen, viste fram eit tigersprang og ei klasseredning då han fekk ei hand på ballen og avverga mål til heimelaget. Mesterlig!

Både i Eikefjord- og Tambarleiren vart det ropt om starffe i fyrste omgang. Dommaren vinka spelet vidare ved begge høve, noko vi trur han gjorde rett i begge gangane.

Andre omgang starta som fyrste ebba ut, med kamp mellom sekstenmetrane til Eikefjord og Tambar. Tambar tok etterkvart meir over, og hadde fleire gode angrep som fort kunne gitt utteljing. Både Iben Munkvold og Bjørnar Landsverk var nær ved å sende Tambar i leiinga, og den harde markkryparen til Anders Aase var berre millimeter frå å gå inn.

Jubel i Tambarleiren vart det i det 61.minutt, etter ei mønsterkontring av Tambar. Eit Eikefjord-hjørnespark vert klarert og ballen havnar hjå Henrik Hundershagen midt på halvdelen til Tambar. Han set fart med ball, og får med seg Andrè Sølvberg på venster flake. Iben Munkvold luktar lunta heilt på topp, han mottek ei glimrande pasning og fosser mot mål. Toppscoraren gjer ingen feil åleine med keeper, og sender Tambar opp i 1-0.

Eikefjord prøvde å kome tilbake i kampen etter scoringa til Tambar, men klarte ikkje skape noko meir enn eit par halvsjanser på slutten av kampen.
Dermed var det Tambar som kunne strekke armane over hovudet då dommaren signaliserte at 90 spelte minutt var over. Laget forlot Eikefjord med tre nye poeng og overtok også tabelltoppen etter kveldens toppkamp.

Tambar spelar ein bra kamp mot eit fysisk sterkt Eikefjordlag. Men Tambarlaget taper ikkje kampen om fysikk i dag, og står stødig i dei fleste duellane i denne kampen. Ei humpete og ujamn bane for ta skulda for at vi ikkje fekk sjå finspelet til Tambar.
Ein jamnspelt fyrste omgang, der Tambar tek over og er det beste laget i andre omgang og vinn fortent 1-0.

Tambar sitt lag:

Olav Hundershagen
Joar Vefring
Anders Aase
Espen Langedal
Bjørnar Landsverk
Andrè Sølvberg
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Andreas Brandsøy
Gunnstein Vefring
Iben Munkvold

Jørgen Helgheim
Nikolai Stølsvik
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye



Runde 7:

Hornindal-Bremanger 1-1
Eikefjord-Tambar 0-1

Loen-Florø 3 (Søndag)
Eid 2-Selje (Mandag)
Tornado Måløy 2-Stryn 2 (Mandag)



1 Tambar 8 24-10 17
2 Eikefjord 7 20-8 16
3 Stryn 2 6 13-5 13
4 Selje 6 18-11 10
5 Eid 2 6 20-18 10
6 Hornindal 7 16-21 8
7 Loen 6 16-27 7
8 Bremanger 7 8-18 4
9 Florø 3 5 9-14 3
10 Torn./M2 6 15-27 3

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse