5.div: Toppscoraren til Tambar

Etter seieren mot Bremanger fredag kveld ligg Tambar forsatt på 2.plass på tabellen i 5.divisjon avd. 2.
Laget har med dette fire seierer, to uavgjort og eit tap etter sju spelte kampar, og ein målskilnad på 23-10.

Iben Munkvold har vist seg å bli ein målgarantist for Tambar denne våren,og har scora mål for laget i seks av sju kampar. I tillegg har han skaffa laget to staffer. Iben er lagets toppscorer so langt, og står med 6 fulltreffarar.
På dei neste plassane på toppscorarlista finn vi Andrè Sølvberg med 4 mål og Nicolai Sundbye med 3 mål.

Tambar har i år to jamngode keeperer, der begge har fått speletid. Både Olav Hundershagen og Sigmund Bjørgan har vist godt spel i kampane dei har stått. Ser vi på keeperduellen, har Olav slept inn 4 mål på 4 kampar, medan Sigmund har måtte hente 6 baller ut frå nota på 3 kamper. Desse tala må ein sjølvsagt ta med ein klype salt, då motstand og kamputvikling er ulikt.

Meir om a-laget finn du her:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse