5.div: Sterk borteseier mot Bremanger

Tambar tok ein sterk borteseier mot Bremanger på Bremanger stadion i kveld. Med 5-2 vart det til slutt ein konfortabel seier, der fem ulike spelarar kom på scoringslista i kveld.

Tambar tok fort tak i kampen, og hadde initiativet i kampen allerede frå start av. Tambar scora etter 8 minutters spel, då midtbane-eleganten til Tambar, Andreas Brandsøy, sendte laget i leiinga med 1-0.
Tambar fortsette 1.omgang med eit visst overtak, men heimelaget var ikkje ufarleg og hadde nokre forsøk som ikkje gav resultat.
Etter halvtimen spelt gjekk Tambar opp til 2-0, då krigaren Gunnstein Vefring var frampå og dobla leiinga.
Spenning vart det i kampen att då Bremanger åtte minutter seinare var frampå og reduserte til 1-2. Men Tambar sin toppscorer, Iben Munkvold, fekk roa ned nervane til trener Jan Magne Langedal, då han sette inn sin fyrste og Tambar sin tredje scoring for kvelden. Dermed 3-1 til Tambarlaget, noko som holdt seg til pause.

Bremanger var endå kjappare i andre enn Tambar var i første, med omgangens første scoring. Allerede etter seks minutter var heimelaget frampå og gjorde kampen spennande igjen med 2-3 reduseringa.

Tambar får straffe midtvegs ut i omgange, då Iben Munkvold vert felt innafor sekstenmeteren til Bremanger. Tambar har ikkje vore dei sikraste på straffene dei har fått tidligare i sesongen, men forsvarsbautaen Anders Aase var sikker som banken då han auka Tambarleiinga til 4-2 frå straffemerket.

Spikaren i kista sette superreserven Jørgen Helgheim 10 minutter før full tid, og like etter at han hadde entra bana, og sendte Tambar opp i 5-2.

Strek seier av Tambar mot Bremanger på bortebane. Laget fekk, i motsetning til sist kamp, utteljing på sjansane sine og scorer solide fem mål. Laget er fortsatt å finne i øvre sjikt av tabellen, og beheld 2.plassen etter kveldens kamp.
Neste helg er det tabelleinaren Eikefjord som er motstander, ein toppkamp som Naustdalsfolk bør gå mann av huse for å få med seg !!

Kampfakta
5.divisjon avd.2

BREMANGER-TAMBAR 2-5 (1-3)

0-1 (8) Andreas Brandsøy
0-2 (29) Gunnstein Vefring
1-2 (38) Martin K. Hauge
1-3 (42) Iben Munkvold
2-3 (51) Magnus Myrhol
2-4 (73) Anders Aase (str)
2-5 (81) Jørgen Helgheim

Dommer: Jeikishan Jegatheesan, Florø SK

Til stades på kampen var også HAUGENFOTBALL.NO. Sjå bilder på haugenfotball.no: http://www.haugenfotball.no/fakta130607bremangertambarskjelvar.html

MEIR OM A-LAGET:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse