5.div: Sløste med sjansane då Stryn 2 vart utspelt

Tambar hadde drøssevis med sjansar i dagens 5.divisjonskamp mot Stryn 2 på Naustdal stadion, men måtte ta til takke med 1-1 og eit poeng.
I tillegg til mange og store sjansar kampen igjennom, bomma også heimelaget på straffespark 10 minutter før full tid.

Kampfakta:

5.div avd.2 TAMBAR-STRYN2 1-1 (0-1)
Tilskuere: 30

0-1 Ibra Jagne - 8 min
1-1 Andrè Sølvberg - 68 min

Dommer: Kjell Dagfinn Alme, Sandane Turn og Idrettslag


Gjestane frå Stryn opna friskast i dagens kamp, og var frampå med ein halvsjanse allerede etter få minuttar ut i omgangen. Dagens første scoring var det også gjestane som stod for. Laget fekk frispark rett utafor sekstenmeteren til Tambarmålvakt Olav Hundershagen, og han kunne lite gjere då ballen vart løfta over muren og til venste i nota.

Tambar kom seg fort til hektene att, og tok meir og meir over initiativet i kampen. Laget var gode offansivt og kom til mange sjanser. Blandt anna hadde både Iben Munkvold og Andreas Bransøy enorme sjanser, der berre utur og ein god Strynekeeper gjorde at ikkje det vart mål. Den største sjansen hadde derimot Nicolai Sundbye i denne omgangen. Andrè Sølvberg hadde eit av sine gode raid på venstresida og fekk lagt inn bak forsvaret til Stryn. Nicolai kom på eit fint løp og hadde berre å sette ballen i kassa frå 3-4 meter. Men litt pressa av ein forsvarer vert det desverre bom på ball og mål.

I motsatt ende hadde Stryn 2 sporadiske forsøk, men Tambar sitt gode forsvar hadde god kontroll på det som kom.

Om Tambar hadde mange sjanser i fyrste omgang, vart det overgått av det vi skulle få oppleve i andre omgang.
Laget dominerte totalt banespelet i denne omgangen, og laget produserte drøssevis av sjanser. Ein liten tankevekkar for trener og spelarar må det være at ikkje nokon av dei store sjansane laget klarar å skape, får utteljing. For her var det stort sett einvegskøyring mot eit mål, og gjestane frå Stryn la seg i forsvar med stort sett heile troppen sin.

Svært så fortent er det då Andrè Sølvberg dunkar ballen i mål og utligner til 1-1 etter corner i det 68.minutt. Han får ballen etter ein av mange corner, og ballen er innom ein Strynespelar på veg mot nota.

Etter dette presser Tambar endå meir på for å få det avgjerande målet, og Stryn har nok med å forsvare seg inna for sin eigen sekstenmeter.

Tambar får straffe då det er 10 minutter att av kampen. Iben Munkvold er på veg gjennom Stryneforsvaret og er på veg å runde keeper. Keeper takler Iben svært brutalt og dommer dømmer det som er ein soleklar straffe. At keeper får gult kort, og ikkje får sjå det raude, er vi svært undrande til!

Då alle trur at Tambar endeleg skal få sin fortente leiing, og muligens seier, vert det eit skuffande sukk når ein konstaterer at straffesparket desverre går centimeter utafor stolperota.

Dermed endar kampen 1-1, eit resultat som Stryn 2 må være svært så nøgd med. Uten keeperen sin hadde nok Stryn 2 måtte ha plukka mange ballar ut att frå nota i dag. Han var svært god !
Tambar på si side må være misfornøgd med at dei ikkje klarar å putte nokre av dei mange og store sjansane laget har i kampen.
Men det er mykje positivt for Tambar i dag. Laget spelar ein av sine beste kamper for sesongen, og varierer med fin-fin angrepsfotball. Spelarane viser god moral også i dagens kamp, der samtlige jobbar godt og for kvarandre.
At spelarane og trenar viser frustrasjon og irritasjon etter kampslutt, har vi full forståelse for. I dag hadde dei fortent eit heilt anna resultat enn det som vart.

Dagens tropp Tambar:

Olav Hundershagen
Espen Langedal
Anders Aase
Joakim Engebø
Joar Vefring
Torgrim Østgård
Henrik Aase
Gunnstein Vefring
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Iben Munkvold
Nicolai Sundbye
Jørgen Helgheim
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Bjørnar Landsverk
Ole Bertil Elvebakk
Kristoffer Hammarset


Resultat runde 5 (6):

Bremanger-Eikefjord 1-3
Loen-Eid2 5-2
Hornindal-Florø3 5-3
Tornado Måløy 2-Selje 5-4
Tambar-Stryn2 1-1

Tabell etter dagens kamp:

Eikefjord.........5--5-0-0--17:4---15
Tambar...........6--3-2-1--18:8---11
Stryn 2...........5--3-1-1--10:4---10
Eid 2...............5--3-0-2--17:15---9
Selje...............5--2-1-2--13:11---7
Hornindal........5--2-1-2--14:17---7
Loen...............5--2-1-2--16:22---7
Florø 3............5--1-0-4--9:14----3
Bremanger......5--1-0-4--5:12----3
Tornado/M2....6--1-0-5--15:27---3


BILDER FRÅ DAGENS KAMP:

Les mer: Foto A-lag 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse