A-laget måtte returnere frå Florø utan poeng

Tambar fekk sitt fyrste tap for sesongen då laget tapte 5.divisjonsoppgjeret mot Florø 3 på bortebane i dag.

Tambar kunne gå til pause med 1-0 etter at lagets toppscorar Iben Munkvold sette inn Tambar si scoring på straffe. Tambar fekk tildelt straffe heilt på slutten av omgangen, då Andrè Sølvberg vart uregelmentert stoppa av Florøkeeperen innafor 16-meteren.

Fyrsteomgang var ellers ein sjansefattig omgang, men der begge lag kom til ein del halvsjansar. Tambar sitt forsvar, med Tambarkeeper Sigmund Bjørgan som anker, hadde god kontroll på dei fleste situasjoner og rydda greit unna.

Tambar jaga scoring også i andre omgang, og hadde muligheit til å auke ledelsen med sjansar både til Andrè Sølvberg, Iben Munkvold og Gunnstein Vefring. Men ballen ville ikkje i nota, der enten keeper eller utur gjorde det vanskeleg for Tambarangriparane.

Med 15 minuttar igjen av speletida vart Florø 3 tildelt strffe. Utan at vi kan sei sikkert om dette var rett, såg den heller billig ut frå vår ståstad. Florø 3 scora, og utligna til 1-1.

Tambar ville no framover på bana, og hadde håp om å sette den avgjerande scoringa i kampen. Men Florøspelarane ville det annaleis, og på dei siste minutta av kampen scora laget ytterliggare to mål. Dermed måtte Tambarspelarane konstantere at laget gjekk på sitt fyrste tap i årets sesong.

Neste søndag tek Tambar imot Stryn 2 på Naustdal stadion, eit Strynlag som står med tre seierer og eit tap på sine fyrste fire kampar.

5.divisjon avd.2
FLORØ 3-TAMBAR 3-1 (0-1)

0-1 Iben Munkvold (str)
1-1 Florø 3
2-1 Florø 3
3-1 Florø 3

Dommer: Dan Kåre Esp, Eikefjord IL

Tambar sin tropp:

Sigmund Bjørgan
Espen Langedal
Anders Aase
Joakim Engebø
Torgrim Østgård
Henrik Aase
Gunnstein Vefring
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Nikolai Stølsvik
Iben Munkvold
Jørgen Helgheim
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Bjørnar Landsverk
Ole Bertil Elvebakk
Kristoffer Hammarset

MEIR OM A-LAGET: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-menn.html

Andre kampar 5.divisjon avd.2 spelt i dag: Selje-Hornindal 5-1

BILDER FRÅ DAGENS KAMP:

Les mer: Foto A-lag 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse