Tambar toppar 5.divisjon etter storseier mot Tornado Måløy 2 i dag

A-laget vann heile 5-1 mot Tornado Måløy 2 på Refvik stadion i dag. Dermed tronar laget på toppen av 5.divisjonstabellen etter dagens kamp.

Refvik stadion
5.divisjon avd.2
Tornado Måløy 2-Tambar 1-5 (0-2)

0-1 Iben Munkvold
0-2 Andrè Sølvberg
0-3 Nicolai Sundbye
0-4 Nicolai Sundbye
1-4 Tornado Måløy 2 (str)
1-5 Andrè Sølvberg

Dommer: Kjell Dagfinn Alme, Sandane Turn og Idrettslag

Gult kort Tambar: H. Aase og G. Vefring.


Andre resultat 5.div avd.2: Stryn 2-Bremanger 2-0



Med sin andre bortekamp for sesongen og med sin første kamp på naturgras, entra Tambar Refvik stadion i strålande sol frå blank himmel, og egentlig noko skuffande lite vind på denne forblåste staden.

Jan Magne Langedal sitt mannskap gjekk offensivt ut frå start av, og hadde planer om å få ei kjapp scoring mot Tornado Måløy 2. Allerede i det fyrste speleminuttet var laget frampå med ein sjanse, men utan å få uttelling.
Laget fortsette presset mot heimlaget, og kunne scora fleire mål den fyrste halvtimen. Godt var det for både spelarar og trenarteam på sidelinja, då Tambar endeleg fekk hol på byllen. Og ikkje overraskande var det lagets toppscorar, Iben Munkvold, som skulle sette lagets første i dag.
Sjølv om Tambar hadde initiativet i kampen, var det slett ikkje einvegskøring mot heimelagets mål. Tornado Måløy var frampå ved fleire høve, og berre ein god og heldig Olav Hundershagen i Tambarmålet gjorde at det ikkje vart scoring feil veg.
Endå lettare vart det på skuldrane til Tambartrenar Jan Magne då Andrè Sølvberg var frampå 10 minuttar før pause og sette inn 2-0 til Tambar, noko som heldt seg omgangen ut.

Innbyttar Nicolai Sundbye fekk ei pangåpning på andre omgang, då han etter eit minutters spel og sitt andre touch på ballen førte Tambar opp til 3-0. Og om ikkje dette var nok, var same mann frampå 6 minutter seinare og sendte Tambar opp i 4-0!

Heimelaget måtte ha straffe for å overliste Olav i Tambarmålet, då dei reduserte til 1-4.

Heilt på tampen av kampen var Tambar frampå med si femte scoring for dagen, og det var Andrè Sølvberg som fekk æra av å sette den avgjerande spikaren i kista til heimelaget.


Nok ein gong ser vi bra moral og god innsats frå spelarane til Jan Magne Langedal. Laget entrar bana som favorittar mot eit lag i poengnød, noko dei taklar overraskande bra. Laget held fram som i dei foregåande kampane, og var igjen det beste laget på bana. Laget har ein breid stall med jamne spelarar, og på ny får Sundbye scoring etter å ha entra bana som innbytter.
Laget er gode offensivt og har scora 16 mål på fire kampar. I dei bakre rekker held laget godt tett, og har berre måtte sjå fire baller gå i nota bak seg.

TAMBAR STARTA MED DESSE:

Olav Hundershagen (keeper)

Joar Vefring - Espen Langedal - Anders Aase - Joacim Engebø

Andreas Vatne - Henrik Aase - Henrik Hundershagen - Andrè Sølvberg

Iben Munkvoll - Gunnstein Vefring


INNBYTTERE: (alle fekk speletid)

Sigmund Bjørgan (keeper)
Nicolai Sundbye
Jørgen Angvik Helgheim
Bjørnar Landsverk

Meir om A-laget finn du her: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-menn.html


BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Foto A-lag 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse