Tambar og Selje delte poenga i dagens kamp

Bilde: Gunnstein Vefring.

Tambar og Selje spelte 2-2 i dagens 5.divisjonsoppgjer på Naustdal stadion, etter 1-1 til pause.

I tillegg til måla, bomma Tambar på straffe i andre omgang, ein omgang heimelaget dominerte og skapte mange sjansar.

Det var gjestane frå Selje som kom best i gang i dagens kamp på stadion i dag. Dei fysisk sterke Seljespelarane hadde tydlegvis bestemt seg for ikkje gi ved dørene, og vann dei fleste duellane mot Tambarspelarane i starten av fytrste omgang. Det såg nesten ut som Tambarlaget vart noko overrumpla av deira fysikk og agresivitet.

1-0 til gjestane kom etter 22 minutter, då Tambar ikkje fekk avklart inne på 5 meteren, og etter litt mølje får Seljespelaren sette ballen i nota bak Olav Hundershagen i Tambarmålet.

Etter målet imot innsåg laget at her måtte det hardare skyts til, om laget ikkje skulle gå på sesongens fyrste tap. Laget kom seg høgare opp på bana, vann etterkvart fleire duellar og kom etterkvart til nokre målsjanser.
Ti minutter etter gjestane si scoring, fekk Tambar si utligning. Eit langt og høgt oppspel til Gunnstein Vefring sendte han vidare med hovudet i ein fin bue over Seljekeeperen og i nota, 1-1 og laga var like langt.
Resten av omgangen vart jamnspelt, der begge lag var frampå utan at det vart nokon fleire mål.

Det starta jamnspelt i andre omgang, men Tambar viste meir vilje og guts i denne omgangen og tok etterkvart meir og meir overt initiativet i kampen.
Laget fekk tildelt straffe tidleg i omgangen, då Nicolai Sundbye i kamp med ein Seljespelar inne i feltet. Dommaren meiner at spelaren frå Selje fører ballen med seg med handa, og slik vi ser det, er avgjersla heilt korrekt.
Desverre for Tambar, vert straffesparket redda av sisteskansen til gjestane, og stillingen er fortsatt 1-1.

Difor bli det litt nedtur då Selje er frampå litt etter og går opp i ei 2-1 leiing.

Men Tambarspelarane viser solid vilje og moral den siste halvdel av andre omgang. Lagat tek over komandoen ute på bana, og rullar etterkvart opp det ein etter det andre angrepet mot det gjestande forsvaret. Og det er fullt fortent då laget får si utligning etter 77 minuttar.
Bjørnar Landsverk mottek ballen på 18-20 meter på sin høgrekant, ladar skuddfoten og får eit stjernetreff på ball og mål. Kula klistrar seg i høgre keeperhjørne, utagbart for Seljekeeperen.

Utover omgangen fortsette Tambar med høgt press og hadde veldig lyst på den avgjerande scoringa. Og det var nesten utruleg at ikkje ein av lagets mange sjanser skulle smyge seg inn.

Utifrå sjansar og trøkket Tambar hadde i andre omgang, hadde vel laget fortent å ta med seg alle poenga i dag. Men det var eit godt Seljelag dei møtte på stadion i dag, som viser styrke i god fysikk. Gjestane går i leiinga to gonger i kampen, men Tambargutane viser igjen at laget har ein god vinnarevne og god moral. Særleg i andre omgang tykkjer vi laget står fram og viser at dei kan hamle opp med dei fleste lag i avdelinga.

5.Divisjon avd.2
Naustdal stadion

Tambar-Selje 2-2 (1-1)

0-1 Selje 22.min
1-1 Gunnstein Vefring 32.min
1-2 Selje 58.min
2-2 Bjørnar Landsverk 77.min

Dommer: Sureskumar Kathiravel, Eid IL
Publikum: 45
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=134364


Tambar sine spelarar:

Olav Hundershagen (keeper)
Sigmund Bjørgan (keeper)
Espen Langedal
Anders Aase
Joacim Engebø
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Andreas Bransøy
Joar Vefring
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Iben Munkvoll
Jørgen Angvik Helgheim
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Bjørnar Landsverk



Resultat kampar 5.divisjon avd.2:

Stryn 2-Eikefjord 0-2

BILDER FRÅ KAMPEN TAMBAR-SELJE:

Les mer: Foto A-lag 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse