A-laget på tabell-toppen etter seier mot Eid 2 i dag

Bilde: Bjørnar har nettopp sendt Tambar i leiinga, Foto: www.haugenfotball.no

Tambar tok sin andre seier for sesongen og er fortsatt utan poengtap i årets 5.divisjon, då laget i dag vann 3-1 mot Eid 2.
Tambar tok ledelsen ved Bjørnar Landsverk etter 30 min spel. Heimelaget utligna noko seinare, og laga gjekk til pause med 1-1.
I andre omgang sette Iben Munkvold inn to for Tambar, som kunne gå av bana med ein fortent og konfortabel 3-1 seier.

Det vert rapportert om ein jamnsspelt fyrste omgang, der Tambar møtte eit godt og spelande Eidlag. Som vanleg var forsvaret til Tambar stødige oggode, og slapp ikkje heimelaget til mange sjansar i løpet av omgangen, utanom den eine scoringa dei fekk.
Tambar på si side var gode i alle ledd, og laget skape ein del sjansar og kunne med litt mer tur ha putta eit par mål til.

I andre omgang var Tambar det førande laget, og Iben fekk eit godt innhopp halvtimen før slutt. Med to scoringar auka han leiinga til 2-1 og sette spikaren i kista minuttet før dommaren bles av for full tid.

Trenar Jan Magne Langedal er svært nøgd med spelarane i dag. Laget får eit mål imot i første omgang, men på ny viser Tambarspelarane moral og flott innsats i andre omgang. På tampen av andre omgang vert det noko ampert mellom laga ute på bana, og Tambar får heile fire gule kort i kampen.
I tillegg til måla, meiner spelarane og dei på sidelinja at Tambar vert snytt for eit straffespark.

Etter dagens kamp tronar Tambar fortsatt på toppen av tabellen i 5.div avd.2. Laget viser vinnarvilje og jobbar godt for kvarandre ute på bana. Neste kamp for laget er heimekampen mot Selje 12.mai. Til denne kampen bør folk i Naustdalsbygda kjenne si besøkelsestid, og møte opp og sjå det unge Tambarlaget i aksjon. I tillegg treng laget all den støtte dei kan få, frå dei lokale supportarane.


5.DIVISJON AVD.2
Eid 2 - Tambar 1-3 (1-1)

0-1 Bjørnar Landsverk (27. min)
1-1 Przemyslav Petrynski (31. min)
1-2 Iben Munkvold (79. min)
1-3 Iben Munkvold (90. min)

Desse starta for Tambarskjelvar:

Sigmund Bjørgan
Gunnstein Vefring
Joar Vefring
Andreas Brandsøy
Andre Sølvberg
Joakim Engebø
Bjørnar Landsverk
Anders Aase
Espen Langedal
Henrik Hundershagen
Henrik Aase

Innbyttarar:

Torgrim Østgård
Iben Munkvold
Nicolai Sundby
Nikolai Stølsvik
Andreas Vatne

BILDER FRÅ KAMPEN FINN DU PÅ haugenfotball.no: http://www.haugenfotball.no/fakta130505eid2tambarskjelvar.html


Resultat 2.serierunde:

Florø 3-Stryn2 1-4 (fredag)
Selje-Bremanger 2-0 ( i dag)
Hornindal-Loen 3-3 ( i dag)

HER FINN DU OSS PÅ FACEBOOK: http://www.facebook.com/pages/Tambarskjelvar-IL-Fotball/319713400579

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse