5.div: Blir det meir jubel for a-laget i helga?

A-laget og trenar Jan Magne Langedal fekk ein knallåpning på sesongen og 5.divisjon sist søndag, då laget vann med konfortable 6-0 mot Loen på Naustdal stadion.
Søndag spelar laget sin fyrste bortekamp når dei møter Eid 2 i den andre serierunden.

Eid 2 består av mange unge spelarar på veg oppover, og mange av dei kjemper om ein plass på fyrstelaget til Eid, som er ein av favorittane i årets 4.divisjon. I tillegg til spelarane på andrelaget, har laget også muligheit til å bruke spelarar frå fyrstelaget sitt.

Med andre ord kan det tøft for Tambar i sin fyrste bortekamp, der heimelaget jaktar på sin andre seier, etter å ha slege Bremanger 5-3 i sin fyrste kamp.

Tambar har alle spelarane sine skadefri, og reiser til Eid med ein tropp på 17 spelarar. Sidan sist kamp, har laget fått innlemma nok ein spelar i troppen. Bjørnar Landsverk har talt på knappane i heile forsesongen, og det er gledeleg for Tambar Fotball at han har teke valget om å bli med i troppen denne sesongen.

Tambar reiser med desse spelarane til Nordfjordeid:

Sigmund Bjørgan (keeper)
Espen Langedal
Anders Aase
Joacim Engebø
Torgrim Østgård
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Kristoffer Hammarset
Joar Vefring
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Iben Munkvold
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Bjørnar Landsverk


2.SERIERUNDE 5.DIV avd 2:

Florø 3-Stryn2 1-4 (spelt fredag)
Eid 2-Tambar
Selje-Bremanger
Hornindal-Loen
Tornado Måløy 2-Eikefjord (mandag)


* TIPP RESULTATET I KAMPEN Eid 2-Tambar - VINN PIZZA FRÅ PEPPES:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse