5.div: Tambar med storseier mot Loen

Tambar vann heile 6-0 over Loen i dagens 5.divisjonskamp på Naustdal stadion. Til pause var stillinga 2-0.
Tambar fekk tildelt heile tre straffespark i kampen, og seks ulike spelarar scora måla til Tambar i dag.

Trenar Jan Magne Langedal var sjølvsagt svært nøgd med trenerdebuten i 5.divisjon, etter at laget hans toppar tabellen etter første serierunde. Han seier elles dette om sesongåpninga i eit ufyseleg vær på stadion i dag:

" Sjølv om det store spelet uteblei i store deler av kampen, varta vertane opp med
enkelte angrep det” lukta fugl av”.
Forsvaret presterte årsbeste i kveld. Med god organisering og kontante tacklingar
hadde dei gule full kontroll kampen igjennom. Når vi i tillegg puttar 6 ballar i sekken
til Loen, så må vi seie oss godt nøgde med debuten i 5. divisjon.

Gutane har byrja å bli vaksne.Vi let dommaren dømme, og så let vi motstandaren
ta seg av kjeftinga.
BRA GUTAR!!!

Med 6 ulike målscorarar, viser vi at fleire veit vegen til nettmaskene. Og sjølv om vi
gjer mange byter utover i 2. omgang, fortset vi å produsere sjanser.

Vi er svært audmjuke, og er veldig klar over at større oppgåver ligg framfor oss. Neste
søndag går turen til Eid. Det blir ein tøff bortekamp. Vi kan ikkje gjere meir enn vårt beste,
så får resultatet bli som det blir.

Alle spelarane gjorde jobben i kveld.
Vi gler oss til fortsettelsen. "




5.divisjon avd.2
Tambar-Loen 6-0 (2-0)

1-0 Andrè Sølvberg, 20 min (str)
2-0 Andreas Brandsøy, 43 min (str)
3-0 Iben Munkvold, 57 min
4-0 Jørgen Helgheim, 73 min
5-0 Nicolai Sundbye, 80 min
6-0 Henrik Hundershagen, 86 min (str)

Dommer: Ragnar Åmot, Jølster IL

Tilskodarar: 37


Desse starta for Tambar:

Olav Hundershagen - Joacim Engebø - Espen Langedal - Anders Aase - Joar Vefring, Andreas Bransøy - Henrik Aase - Henrik Hundershagen - Andrè Sølvberg,
Iben Munkvoll - Gunnstein Vefring

Innbyttere:

Ole Bertil Elvebakk
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Jørgen Angvik Helgheim
Sigmund Bjørgan





Kampar 5.div avd.2 i dag:

Bremanger-Eid2 3-5
Stryn2-Selje 3-0


BILDER FRÅ KAMPEN TAMBAR-LOEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse