A-lag: Tambar var best og vann treningskampen mot Gaular

Bilde: Jørgen Angvik Helgheim.

Jan Magne Langedal sine unge menn var best då a-laget vann treningskampen mot Gaular på Naustdal stadion i kveld.

Tambar spelte ein bra førsteomgang, og det var også i denne omgangen Tambar scora måla sine. Jørgen Angvik Helgheim sender laget opp i 1-0 leiing etter at han ekspiderer ballen i nota etter eit fint innlegg frå høgrekanten.
Seks-sju minutter seinare går Tambar opp i 2-0, etter scoring av Iben Munkvoll.

Andre omgang blir ikkje like vèlspelt som omgangen før, men Tambar har grei kontroll på gjestane frå Gaular. Omlag fem minutter før full tid glipp det i Tambarforsvaret, og ein Gaularspelar glir gjennom og reduserer til 1-2.

Etter seieren i kveld har Jan Magne og gutane teke skalpen på tre av laga i 5.divisjon avdeling 1 på dei tre siste treningskampane sine. I tillegg til seierane scorar laget også bra med mål, noko 9-1 i målprotokollen dei siste tre er beviset på.

Ein vil tru at både trenar og spelarar ser fram til serieåpninga mot Loen søndag 28.april kl.15.00 på Naustdal stadion. Vi håper laget får viktig støtte frå bygdefolk denne dagen, og oppfordringa til alle, blir å møte opp og støtte laget!!


Treningskamp Naustdal stadion:
TAMBAR-GAULAR 2-1 (2-0)

1-0 Jørgen Angvik Helgheim (18 min)
2-0 Iben Munkvoll (26 min)
2-1 Gaular (85 min)

Dommer: Nils Paulen, God +



Desse fekk speletid for Tambar i dag:


Sigmund Bjørgan (keeper)
Espen Langedal
Anders Aase
Joacim Engebø
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Andreas Bransøy
Joar Vefring
Ole Bertil Elvebakk
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Iben Munkvoll
Jørgen Angvik Helgheim
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Bjørnar Landsverk


Treningskamp: Eikefjord-Anga 7-1

I ein treningskamp i Eikefjord i kveld, utklassa heimelaget Anga med heile 7-1. Eikefjord spelar i same avdeling som Tambar i årets 5.divisjon, medan Anga skal kjempe om poenga i 5.divisjon avdeling 1.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse