A-lag: Tambar solide i treningskamp mot Kaupanger 2

A-laget til Tambar var søndag i Sogn, der spelarar, trenar og støtteapparat har brukt dagen til treningskamp, spelarmøte og sosialt fellesskap. Søndagen vart avslutta med Tippeligakampen mellom Sogndal og Rosenborg på Fosshaugane Campus, noko som vart ein skikkeleg nedtur for oss som er Sogndalsupportarar.

Nedtur vart det derimot ikkje då Tambar møtte divisjonskollega Kaupanger 2 på Kaupangerskogen tidligare på dagen.

Med 18 spelarar til rådigheit, hadde trenar Jan Magne mykje å halde styr på, då samtlige spelarar hadde blitt lova speletid i laget sin sjette treningskamp for året.

Vi fekk sjå eit Tambarlag som tok styringa i kampen frå start av. Laget fekk vist mykje av det spelarane har trent på i vinter, med godt pasningsspel og gode bevegelsar skapte Tambar mykje i denne kampen og hadde utallige målsjanser.

1-0 kom etter at Andrè Sølvberg tok sitt velkjende raid på venstresida og fekk lagt inn. Der stod Andreas Bransøy på rett plass og sette ballen bak ein sjanselaus Kaupangerkeeper.

Andrè og Andreas var også dei som var innvolvert i Tambar si andre scoring. Andrè sendte avgårde eit skot frå 16 meter. Keeper fekk stussa ballen i tverrligger før Andreas enkelt kunne hedde ballen i mål.

Scoring burde det også ha vorte då Kristoffer Hammarset fekk straffe etter å ha blitt lagt i bakken innafor sekstenmeteren. Men den påfyljande straffa vart redda av keeperen til Kaupanger 2.
Dermed gjekk laga til pause med 2-0 til Tambar.

Tambardominansen fortsette i andre omgang, der laget holdt trøkket oppe, spelte til tider mykje fin fotball og skape utallige sjanser.

3-0 vart det då Iben Munkvoll fekk tråkla seg gjennom Kapangerforsvaret og lurte ballen bak keeper og i mål.

Jørgen Angvik Helgheim fekk stjernetreff då han førte Tambar opp i 4-0. Få omlag 17-18 meter sendte han avgårde ballen som gjekk kontant i nota.

Dermed kunne Tambarlaget forlate Kaupangerskogen med ein solid 4-0 seier. Laget hadde full kontroll i denne kampen, der vertane fekk sitt første skot på mål etter 70 minutters spel. Alle spelarane fekk prøvd seg i dagens kamp, der samtlige viste at formen er på god veg.

Treningskamp:
KAUPANGER 2-TAMBAR 0-4 (0-2)

0-1 Andreas Brandsøy
0-2 Andreas Brandsøy
0-3 Iben Munkvoll
0-4 Jørgen Angvik Helgheim

Tambar sine spelarar:

Olav Hundershagen (keeper)
Sigmund Bjørgan (keeper)
Espen Langedal
Anders Aase
Joacim Engebø
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Andreas Bransøy
Joar Vefring
Ole Bertil Elvebakk
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Iben Munkvoll
Jørgen Angvik Helgheim
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg


SJÅ BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse