- 1/4-13
- A-laget
A-lag: Tambar slo Askvoll/Holmedal i treningskamp i dag

Med berre elleve spelarar og uten keeper såg det spøkje ut då a-laget sette kursen for Askvoll og treningskamp mot 5.divisjonslaget til Askvoll/Holmedal.
Men Gunnstein har før vist at han meistrar keeperrolla, noko han også gjorde i dagens treningskamp.
Etter dei korte rapportane vi har fått frå dagens kamp, var Tambar det klart beste laget. Jørgen Angvik Helgheim sette inn Tambar si første scoring og 1-0 midtvegs ut i første omgang. Før omgangen var over, sette Henrik Hundershagen inn Tambar si andre scoring, og gutane våre kunne gå til pause med ein fortent 2-0 leiing.
Andre omgang vart ein målfattig omgang, men Jørgen scora si andre og Tambar si tredje for dagen, då han fastsette resultatet til 3-0.
I motsatt ende vart det ein roleg dag for keeper Gunnstein, der både han og forsvaret rydda unna det som kom frå heimelaget.
Neste treningskamp for Tambar vert spelt i Sogn komande søndag, då laget dreg til Kaupanger og møter klubben sitt andrelag.
TRENINGSKAMP:
Askvoll/Holmedal-Tambar 0-3 (0-2)
0-1 Jørgen Angvik Helgheim
0-2 Henrik Hundershagen
0-3 Jørgen Angvik Helgheim
Denne artikkelen er over syv år gammel (1/4-13) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.