A-lag: Godt Tambarlag slo Tempo 6-4

Bilde: Espen Langedal i treningskampen Tambar-Dale.

Tambar tok sin fyrste seier for året då Tambar og Tempo laga målfest på kunstgraset i Eikefjord onsdag kveld, der Tambar kunne gå av bana med ein fortent 6-4 seier.

Tambar spelte sin beste kamp for året. Særleg i første omgang var det mykje godt spel, der laget kom til utallige sjanser mot eit meir og meir frustrert Tempolag. I tillegg til godt spel og knall innsats, fekk vi sjå scoringar av høg klasse!

I starten av andre omgang fekk Tempo ta over initiativet i kampen, og både utligna og gjekk opp i leiinga i ein middels Tambarperiode. Men laget røyste seg att og tok igjen tak i kampen midtvegs ut i andre omgang, og kunne fort ha scora mange fleire mål enn dei tre dei putta.

Treningskamp:

TAMBAR-TEMPO 6-4 (3-2)

1-0 Henrik Aase
1-1 Tempo
2-1 Andrè Sølvberg
3-1 Kristoffer Hammarseth
3-2 Tempo
3-3 Tempo
3-4 Tempo
4-4 Iben Munkvoll
5-4 Henrik Aase
6-4 Kristoffer Hammarseth

Tambar sin kaptein, Espen Langedal, har fyljande oppsummering frå kampen:

Med uvisse om kven som skulle vokte buret og andre småskadar blant eit par av spelarane i dagens tropp til kampen mot Tempo var det fleire spørsmålsteikn rundt mellom anna formasjon og laguttak.
Stian Hammarset takka ja til å være burvoktar ved middagsbordet kort tid før avreise og eg sjølv måtte knekke i meg eit brett med paracet for å bli klar til avspark.
Vi gjekk ut i ein "vågal" 4-4-2-formasjon med klare styrker i fotrappe spelarar på kantane og svoltne bakromsspissar i Iben og Kristoffer.

Tempo anno 2013 stilte med eit klart sterkare lag enn dei føregåande sesongane, og med dei konsentrasjonssviktane vi har hatt tidvis i dei to føregåande kampane var eg redd for at vi moglegens kom til å gå på vårt tredje strake tap.
Tempo starta med same formasjon som vi nytta i størsteparten av kampane mot Eikefjord og Dale med ein femmar på midten. To store, tunge krigarar og ein ballfordelar som strødde ballar ut på dei raske vingane som var flinke til å støtte opp om den einsame spissen deira.

Men det var vi som gjekk ut og tok kommando frå start. Vi sto høgt i bana og pressa Tempo over heile bana gjennom heile førsteomgang. Ved balltap var vi raske med å omstille oss, og med det tillet vi Tempo få overgangar.

Då Joakim på venstrebacken måtte ut med skade midtvegs i førsteomgang kom Andreas Brandsøy inn og tok over plassen til Joar, som blei flytta ned i forsvaret. No, med ein flat midtbanefirar med André på venstre, 2x Henrik sentralt og Andreas på hørekant dikterte vi spelet nett som vi ville. Tempoet i pasningsspelet vart variert i større grad, noko som gjorde det vanskeleg for motstandarlaget å hengje med.
Vi er som vanleg giftige på bakromspasningar, men kom i dag også til mange sjansar ved innlegg frå kant og småspel gjennom midten.

Til tross for at vi mangla fleire spelarar i dag, deriblant Torgrim, Gunnstein, Andreas Vatne og 2x Ni(c&k)olai stiller vi med 15 mann som alle gir jernet gjennom heile kampen.

Å gjengi sjansane våre i dag vil bli så og seie umogleg fordi vi skaper så mykje, og mange av dei i eit slikt tempo at ein burde stilt med penn og notatblokk frå midtstopparplass for å få det med seg. Verken eg eller Anders hadde lommer til å bære med oss dette, men alle andre som var der kan skrive under på at vi dominerte kampen.

Vi har fleire skåringar av høg klasse i kveld. Frisparkmålet til André som truleg bulka stolpen, eintouchangrepet i forkant av Kristoffer sitt akrobatiske kanonskot med venstreslegga, Anders sin stikkar til André som finn Iben på første stolpe og det siste frisparkmålet der Henrikane med ein frekk frisparkvariant spelar seg fri på bakerste stolpe der Kristoffer er først på returen og bankar ballen i nota og fastset sluttresultatet til 6-4.

Angriparane er flinke til å variere bevegelsesmønstera sine. Dei luktar bakromspasningane, vandrar breitt og dei møter, noko som heile tida skaper store rom på siste tredjedel av bana. I tillegg har vi ei aggressiv og ballsikker midtbane samt eit solid forsvar og ein trygg sisteskanse til tross for at vi må plukke ut fire ballar frå nota. Begge skåringane vi får imot oss i andreomgang er av den kontroversielle sorten. Ei uforklareleg straffe og overfall i feltet i forkant av innlegget som sender Tempo opp i 4-3.

Eg håpar inderleg at Bjørnar blir med oss dersom han framleis er i reginonen når vi skriv april månad. Han har ein fightermentalitet og eit taktomslag som dei alle færraste kan matche. Andreas Brandsøy, som spelte sin fyrste kamp på vèl fire år (!), har aldri spela høgrekant før, og er etter mi meining vår beste spelar i sin debutkamp. Han er hjernen bak mange av angrepa våre og kombinerar fint med dei nye lagkameratane sine og glei gjennom motstandarane som ein gyteklar laks som avanserte motstrøms i Nausta.

Elles bør Henrik Aase og Hunders få kreds for å kjempe utrøytteleg i nitti minuttar mot ei midtbane som heile tida er i overtal.

Kristoffer skada ankelen i sluttminutta, men vi får tru at det ikkje er av den alvorlege sorten. Laget vil trenge hans kompetanse framover.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse