A-lag: Tambar spelar mot Tempo onsdag

Bilde: Iben Munkvoll i treningskampen mot Dale.

A-laget skal ut i ny treningskamp onsdag kveld, då dei møter 6.divisjonslaget Tempo til kamp på kunstgraset i Eikefjord. Heller ikkje til denne kampen får trener Jan Magne Langedal alle spelarane med seg, og sisteskansen må trenaren erstatte med ein utespelar.

Tambar har so langt spelt to treningskampar, mot Eikefjord og Dale. I begge kampane viste Tambarlaget gode takter mot seriefavorittane i 5.divisjon avdeling 1 og 2, sjølv om det vart 1-3 tap i begge kampane.

Kampen mot Tempo har avspark kl.19.30.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse