A-lag: Tambar tapte 3-1 mot Dale

A-laget tapte 3-1 mot Dale i treningskampen som vart spelt på kunstgrasbana i Eikefjord lørdag ettermiddag. Ved pause var stillingen 0-0.

Tambar hang godt med seriefavorittane i 5.divisjon avd 2 i ein jamnspela 1.omgang i vårværet i Eikefjord, og kunne gått til pause med leiing. Men straffesparket Tambar fekk etter at Gunnstein vart felt innafor 16 meteren, vart redda av keeperen til Dale.

Dale scora sitt første mål midtvegs ut i andre omgang, og gjekk opp til både 2-0 og 3-0 før Bjørnar sette inn Tambar si einaste scoring og fastsette resultatet til 3-1.

Allerede fyrstkomande onsdag er det ny treningskamp for Tambar. Då er det Tempo laget skal måle krefter mot, eit Tempolag som tapte 4-2 mot Eikefjord fredag kveld. Tambar- Tempo vert spelt i Eikefjord kl.19.30.

BILDER TAMBAR-DALE:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse