A-lag: Spelar treningskamp mot Dale lørdag

Tambar Fotball sit 5.divisjonslag speler sin andre treningskamp i år når laget møter Dale til kamp på kunstgraset i Eikefjord lørdag ettermiddag.

Trener Jan Magne Langedal seier laget har hatt gode treningsøkter dei siste vekene, der laget har fått trent på kunstgraset i Eikefjord kvar onsdag. I tillegg har laget trent i hallen 2-3 gonger i veka.
Jan Magne manglar nokre spelarar til lørdagens kamp, men seier at dette ikkje vil svekke laget i særleg grad og er spent på om laget viser same takter som dei gjorde i den fyrste treningskampen laget hadde mot Eikefjord i slutten av januar.

Dale er også 5.divisjonslag i år, og spelar årets sesong i avdeling 1. Trener for Dale er Hugo Fretland.

Om du ynskjer å fylje kampen LIVE, går som sagt kampen på kustgraset i Eikefjord lørdag 23.februar kl.17.15.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse