A-lag: God kamp mot Eikefjord trass tap

A-laget spela ein god kamp då laget møtte Eikefjord til treningskamp på kunstgraset i Eikefjord i kveld. Trass tap viste laget gode takter mot laget som mange har som avdelingsfavoritt i årets 5.divisjon.

1.omgang var jamnspelt i snøværet, der heimelaget fekk kampens første scoring og 1-0 midtvegs ut i omgangen.
Tambar utligna til 1-1 10 minutter seinare, då Andrè Sølvberg snurra rundt med fleire Eikefjordspelarar på sin venstrekant, før han lada kanona og dunka inn ballen frå 15-16 meter. Typisk Andrè-scoring!

Med den gode fyrste omgangen i minne, starta laget andre omgangen med høgt press og vann mange av duellane mot heimespelarane. Laget spelte mykje god fotball i denne omgangen, og var i store deler av kampen det beste laget ute på bana. Berre uflaks gjorde at laget ikkje fekk putta både to og tre baller bak Eikefjordkeeperen.

Mot spelets gang var det heimelaget som kunne juble for scoringer, då dei midtvegs i omgangen scora to kjappe og gjekk opp til 3-1. Tambar hadde fleire sjansar til å redusere, med det ville seg ikkje heilt for laget i dag. Dermed enda kampen med 3-1 seier til Eikefjord.

Til toss for tap, gjorde Tambar ein god kamp mot divisjonskollega Eikefjord. Særlig i andre omgang viste laget at det har mykje å bidra med. Vi er enno tidleg i sesongen, og laget får forhåpentligvis mange gode treningsøkter fram til telen har gått på Naustdal stadion. Og vi har sjølvsagt trua på laget vi såg i kveld, og trur ikkje laget vert noko kasteball i årets 5.divisjon.

Laget stilte i kveld med 14 spelarar, der Olav Hundershagen igjen hadde trekt på seg Tambartrøya. Tidligare har han spelt aldersbestemt og seniorfotball i Tambar, og viste i kveld mykje positive takter i Tambarmålet. Klubben har eit håp om at han vil slutte seg til troppen og bli med laget i årets 5.divisjon, noko som vil styrke laget om ein kan ha to jamne keeperar i troppen.

Også den nye a-lagstrenaren, Jan Magne Langedal, kan være nøgd med sin debut og spelarane sine i kveld.


TRENINGSKAMP:

Eikefjord-Tambar 3-1 (1-1)

1-0 Håvard Mjølkeråen
1-1 Andrè Sølvberg
2-1 Ørjan Midthun
3-1 Arnt Olav Langedal

Tambar sin tropp i kveld:

Olav Hundershagen
Ole-Bertil Elvebakk
Anders Aase
Joakim Engebø
Gunnstein Vefring
Nikolai Stølsvik
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Iben Munkvoll
Joar Vefring
Jørgen Helgheim
Espen Langedal
Torgrim Østgård
Henrik Aase

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse