A-laget godt i gang med oppkøyringa mot 5.divisjon

A-laget til Tambar Fotball er godt i gang med oppkøyringa og førebuingane til årets sesong. Som kjent fekk Tambar tilbodet om å overta Stadtlandet sin plass i 5.divisjon, noko klubben takka ja til.

Både før og etter at laget fekk vite at det vert spel i denne divisjonen, har styret i fotballgruppa jobba med å få ein trenar på plass. Dette har ein no fått bra orden på, då Jan Magne Langedal har takka ja til å være ein del av eit trenerteam for A-laget. Jan Magne kjem frå trenarjobben med jentelaga i Tambar Fotball, der han har gjort ein god jobb i mange år.

Både styret i Tambar Fotball og trener Langedal ynskjer å få på plass ein trenar til som kan være tilknytt teamet rundt A-laget, og dette vert det jobba med langsetter.

Med trenar på plass, har seniorane den siste tida hatt gode treningsøkter, sjølv om minusgradene har gjort Naustdal stadion ubrukeleg som treningsarena.
Laget har trent tre økter i veka, der to av øktene har føregått i Naustdalshallen. I tillegg har laget trent på kunstgrasbana i Eikefjord kvar onsdag.

Spelarstallen til Tambar er omlag den same som avslutta den gode haustsesongen sist sesong, med unntak av to-tre spelarar. Stallen kan skilte med 16-17 spelarar, og trenaren er nøgd med både oppmøte og intensiteten på treningane.
Stallen er i tynnaste laget, og klubben er på utkikk etter spelarar med kvaliteter som kan styrke stallen før sesongstart.

I tillegg til Jan Magne som har teke på seg trenaransvaret framover, går Helge Sølvberg på ein ny sesong som oppmann for laget. Bjørn Hundershagen og Frank Cirotzki har noko udeffinerte roller, men vil være ein del av teamet ilag med trener og oppmann.

Det vert no jobba med å få på plass treningskampar framover, der den fyrste allerede er i boks. Det blir spelt mot divisjonskollega Eikefjord på kunstgraset i Eikefjord torsdag 31.januar.

LES MEIR OM A-LAGET:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse