Damelaget har starta med treningar

Bilde: Frå treninga til damelaget. Foto: Andrea Solheim Kirketeig.

Mange damer har vist interesse etter at det vart bestemt at ein ville starte opp med treningar for eit framtidig damelag i Tambar Fotball.

Mandag denne veka vart det holdt informasjonsmøte/oppstartsmøte for damelag i Tambar Fotball. På møtet møtte tretten positive og rimeleg gira damer, der alle hadde som mål om å få starte opp treningar for eit damelag i klubben.

På møtet vart det vedteke at dette ville ein satse på, og i fyrste omgang med faste treningar i Naustdalshallen.
Når det gjeld tida framover mot vår og ein eventuell seriestart, vart det einigheit om at ein tek eit nytt møte ved juletider, for å stake ut kursen vidare.

Allerede dagen etter møtet, tysdag, fekk damelaget tilbud om trening i hallen. Denne kvelden møtte heile 16 spelarar til den første økta med ball.
Onsdag kveld hadde laget nok ei trening, også denne kvelden var det 16 damer på trening.

Andrea Solheim Kirketeig har teke ansvar for laget no i starten, og fungerer som trener for det nystarta laget.
Ho fortel om ein svært positiv gjeng som no har funne fram att fotballskoa sine, og der damene viser at dei ikkje har gløymt fotballferdigheitene sine.

Det er fortsatt plass til fleire spelarar på laget, og meir info om damelaget kan ein få ved å kontakte leiar i Tambar Fotball, tlf. 95796041.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse