Tambar slo Hyen i treningskamp

Bilde: Vetle Kyte i aksjon mot Hyen onsdag kveld.

Tambar vann siste treningskampen før laget starter 6.divisjonssesongen neste veke.

Tambar spelte sin første kamp på Naustdal stadion for året, då dei møtte Hyen til treningskamp onsdag kveld.
Sjølv om gradestokken viste 10 varme grader denne kvelden, skulle ein ha kledd seg godt for å halde varmen i den iskalde trekken. Sjølv om spelet i kampen mot Hyarane ikkje varma all verden, fekk vi sjå to stjernetreff frå Tambar sin venstreback som varma litt.

I ein jamnspelt førsteomgang er dei to flotte måla til Velte som vert hugsa frå oss på tribuna. Med venstrefoten får han stjernetreff på dei to langskota sine. På mål nummer ein, klistrer han ballen i venstre stolperot og langt unna Hyenkeeperen si rekkevidde.
Nummer to syns vi er hakket finare og nok ein gong utagbart for keeper, då venstrebacken prikkar ballen den ledige høgrevinkelen.

Andre omgangen vart også jamnspelt, fram til dei siste 15-20 minutta. Då var Tambar svært hissige framover, og vi noterte oss for store målsjanser for Iben, Sander, Tristan og Jesper. Med litt meir is i magen og uttelling, kunne dei fort ha plussa på med fleire mål.
Det avgjerande målet kom på tampen av kampen, då Jesper endeleg skulle lukkast og sette inn seiersmålet til Tambar.

Treningskamp
Tambar-Hyen 3-2 (2-1)
1-0 Vetle Kyte
1-1 Hyen
2-1 Vetle Kyte
2-2 Hyen
3-2 Jesper Tomassen

Dommer: Svein Arne Nordheim

Tambar:
Markus Cirotzki
Thomas Personbråten
Espen Langedal
Eirik Skadal
Joakim Engebø
Vetle Kyte
Mathias Gamlestøl
Aleksander Fauske
Martin Hukset
Sander Nordheim
Odin Vonen
Tristan Carlsen
Ali
Iben Munkvold
Jesper Tomassen

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse