Tambarjenter uttekne på kretslaget

Bilde: Mathea Nigardsøy (til venstre) og Julie Øverland, Tambar Fotball.

Både keeper Julie Seljeseth Øverland og midtbanespelar Mathea Nigardsøy skal spele for NFF Sogn og Fjordane sitt kretslag i 2018.

NFF Sogn og Fjordane hadde uttak av spelarar til kretslag før jul, i klassane gutar og jenter 2002-2003 og 2004. Spelarane er tekne ut til treningar og samlingar med dei ulike kretslaga fram til sommaren i sesongen 2018.

Tambar Fotball har fått med to spelarar i klasse J2004, der Julie Seljeseth Øverland og Mathea Nigardsøy er komen gjennom nålauge og er med i bruttostallen til kretslaget. I tillegg er gutespelaren Odin Svoen teken ut på kretslaget til G2003.

Begge jentene har også vore i troppen på kretslaget haustsesong 2017, i tillegg til at dei er med i troppen til sonelaget til Sunnfjord.
Odin er etterkvart blitt ein gjenganger på kretslaget til NFF Sogn og Fjordane, og han har vore med på laget til NFF Sogn og Fjordane i Nasjonal serie for G15 i 2017.

Begge jentene spelar på Tambar Fotball sitt småjentelag, Julie som keeper og Mathea om midtbanespelar. Odin spelar midtbane på gutelaget til Tambar.

Vi gratulerer alle med uttaket og ynskjer dei lukke til!

Sjå alle uttaka her.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse