Alle Tambarlaga til sluttspelet i helgas Førde Cup

Bilde: Desse laga til Tambar deltok på Førde Cup 2017.
Fem av fem Tambarlag spelte seg fram til sluttspelet i Førde Cup i Førdehuset denne helga. Desverre nådde ingen av laga heilt til topps.

Ei lang fotballhelg er over for gutane og jentene frå Tambar som deltok på helgas Førde cup, der laga frå Tambar Fotball nok ein gong bemerka seg med gode prestasjoner.

Klubben deltok med totalt fem lag. 3 småjentelag (J13/14), 1 smågutelag (G13/14) og 1 junior herre (G19) gjorde sine saker bra i Førdehuset, der alle laga spelte seg vidare til sluttspelet etter dei innleiande kampane sine.
Alle småjentelaga og smågutelaget gjekk vidare til A-sluttspelet, medan juniorgutta tok seg vidare til B-sluttspelet.

Slik gjekk det med laga i sluttspelet:

SMJ 13/14
A-sluttspel 1/8 finale: Tambar 1- Askvoll/Holmedal 1 1-2
A-sluttspel 1/8 finale: Tambar 2-Førde 2 0-1
A-sluttspel 1/8 finale: Tambar 3-Eikefjord 2-0
A-sluttspel ¼ finale: Tambar 3-Førde 4 0-1

SMG 13/14
A-sluttspel 1/8 finale: Tambar-Bergsøy 1 1-4

G19
B-sluttspel ½ finale: Tambar-Gaular 3-2 (etter straffesparkkonk.)
B-sluttspel Finale: Tambar-Vik 3-5

SJÅ LAGBILDER AV TAMBARLAGA

Sjå alle resultata i Førde Cup

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse