Tambar nær seier etter god 2.omgang

Tambar og Høyang var best i kvar sin omgang, i klasse J13/14 7er torsdag kveld. Tambar er ubeseier så langt denne hausten.

I kveld var det haustsesongens siste 7ar-kamp på heimebane. 
J13/14 7er

Tambar-Høyang 2-2 (0-2)
15 min: 0-1 Høyang
22 min: 0-2 Høyang
40 min: 1-2 Sjølvmål
51 min: 2-2 Amalie

Desse spelte: Stine SD, Wioletta, Cerina, Silvia, Kamilla, Ann-Oline, Agathe, Karoline, Victoria, Amalie og Guro.

Vidar Standal dømde som vanleg veldig bra.

Første del av omgangen var jamn utan dei store sjansane til nokon av laga.
Etter 12 min kjem Høyang til med eit hardt skot, men Stine reddar dette. No er Høyang inne i ein god periode, og etter 14 min kjem dei til ein ny stor sjanse, men skotet går like utanfor. 
Etter 15 min kjem første mål til Høyang etter bra spel. 
Etter 22 min spelar dei seg til ein skuddmulighet frå ca 15 meter. Skotet er hardt, godt plassert og utagbart for keeper. Dermed står det 0-2 som stod seg til pause. Ikkje heilt ufortjent leiing til bortelaget.

I 2. omgang heva Tambar seg i alle ledd.
Etter 40 min får Tambar corner som Amalie slår høgt inn i feltet. Høyang er kanskje litt uheldig då dei headar ballen i eige mål, men press frå Tambar var medvirkande her. 
Etter 46 min blir ballen spelt framover på høgresida. Høyang prøver å skjerme den over dødlinja, men Amalie klarer å kjempe den til seg. Ho legg skrått utover i feltet og det blir skote mot mål. Ballen går litt fram og tilbake inne feltet før den hamnar hos Amalie igjen, som set inn utikninga.

Tambar fortsette med eit spelemessig overtak, og det var nok fleire som venta på at Tambar skulle ta leiinga. Etter 65 min sender Silvia ein lang ball framover. Den går i stolpen og ut. 
Eit minutt seinare fårTambar ein ny stor sjanse etter godt spel. Innlegg frå høgre som Agathe kjem springande til for å "breiside" inn. Denne såg nok mange inne, men desverre gjekk ballen like utanfor. Med andre ord var ikkje marginane heilt med heimelaget i kveld.

Det var uansett bra å kjempe seg tilbake i kampen etter å ha lege under 0-2. I haustsesongen er det så langt ingen som har beseira Tambar.

No gjenstår det ein spennande kamp borte mot serieleiar Eikefjord.

Resultater og tabell

Ref.: Arild Bruflot.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse