Målfest og god fotball av Tambar mot Førde 4

Bilde: Fair Play helsing før kampen mot Førde 4.
Tambar J13/14 9er spela ein svært god kamp mot Førde 4 i ruskeværet på Naustdal stadion tysdag kveld. Tambar aukar med denne seieren forspranget på tabelltoppen.

"Det er ikke morsomt å spise sin mat, når den ligger i pakke og ikke på fat". Det sang Knutsen og Ludvigsen i si tid. Fotball i pøsande regn og vind, er heller ikkje så morsomt som når sola skin og temperaturen er fin. Men i dag brydde ikkje jentene seg om surt regn og vind i håret. Dei varta heller opp med tøff og god festfotball, fekk tilskodarane til å smile og kunne til slutt juble over 3 poeng.

J13/14 9ar 2.divisjon avd 2

Naustdal stadion

Tambar - Førde 4 7-1 (3-1)

1-0 Mathea 
2-0 Fride 
3-0 Fride
3-1 Førde 4
4-1 Fride
5-1 Fride
6-1 Una 
7-1 Victoria

Tambar sitt lag: Julie, Una, Henriette, Hanne, Viktoria, Agathe, Cerina, Mathea, Fride, Silvia, Trine, Kamilla.

Dommar: Martin Hukset, flott kampledelse.

På førehand var nok mange litt bekymra for surt og kaldt føre denne tysdagskvelden. I flomlyset over bana såg vi regnet plaske og når dommaren bles i gang var det 18 jenter som kromma nakken og beit tenna saman. Her skulle det kjempast!

Nokre høgdepunkt:
Tambar var tidleg framme og hadde ein stor sjanse. Mathea skulle putte ballen i målet etter at ho jaga ein ball som blei slått bakover i feltet. Desverre sklei ballen av venstrefoten og sjølv om ho henta ballen inn att, så ville den ikkje i mål då andre forsøk endte i stanga.

Tambar holdt presset oppe. 1-0 kom etter at Agathe avanserte med ballen før ho lada høgrefoten. Hardt skot som keeper redda fint, men ho klarte ikkje holde ballen. På returen frå keeper var Mathea raskast framme og kunne kontrollert sette ballen i mål.

Så var det Julie sin tur til å slå den målgivande pasninga. Fride gjorde ein god jobb på utspelet frå keeper, såg muligheita og starta på rett tid. Ho kom seg fint fri i midten og sette kaldt og rolig inn 2-0.

No var Tambar i siget. På venstre back fekk Hanne ballen. Ho spelte ei kort pasning fram til Trine som la ballen roleg tilbake til Hanne. Bevegelse frå Trine framover og ny pasning frå Hanne i rommet framfor Trine. Trine tar nokre få touch før ho ser Fride i midten. Pasning frå Trine til Fride, som tek med seg ballen og ikkje lenge etter ligg den i mål, 3-0. Rett og slett brilliant spel.

Førde kom til få gode avslutningar i den første omgangen. Forsvaret rydda opp i det meste og var tett på gjestane. Ein kontant og god utrykning i feltet av Julie stoppa også Førde 4 ved eit høve. Seinare i omgangen kom reduseringa på eit godt plassert skot frå distanse. Med ein vanskeleg sprett skaut ballen fart og forsvant under keeper og i mål. 3-1 som stod seg til pause.

Pausen vart av det korte slaget. Omtrent så lang tid det tok dommar Martin å drikke ein kopp kaffi under paraplyen til Merete som ytte velfortjent sørvis til dagens solide dommar.

Litt rufsete start i 2. omgang. På åpent mål var Førde 4 nære på ny redusering. Først stokka det seg for Førdespelaren og når då Henriette kom med lynets hastigheit klarte ho på magisk vis å få ballen unna i det Førdespelaren skulle sette forsøk nummer to.

Så til måla:
4-1, Silvia vinn tilbake ballen på høgre kant. Ho gir inn til Agathe som tar med seg ballen og sentrar til Fride. På nytt tar ho med seg ballen og scorar.

5-1, Fride får ballen etter eit innkast. Perleskåring var Frank sin korte forklaring av målet.

6-1. Hjørnespark som ikkje blir skikkeleg avklart. Til slutt havnar ballen hos Una som avsluttar frå distanse.

7-1. Victoria avsluttar frå skrått hold. God avslutning i nærmaste hjørne og forbi keeper.

Fleire gode sjansar framover og ein solid inngripen av Julie på ei god avslutning frå Førde.

Solid Tambarkamp og mykje flott spel av alle jentene. Hærleg innsats som varma dei frammøtte tilskodarane.

Ref.: Ludvig Slettehaug

Resultater og tabell 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse