Tambar snudde 1-3 til 7-3 mot Tempo

Tambar spela ein svært god andre omgang, då laget snudde 1-3 til 7-3 seier i 6.divisjonsoppgjeret mot Tempo i kveld.

Tambar vann fullt fortent i bortekampe mot Tempo tysdag kveld. Til pause var stillinga 3-1 til heimelaget, som var svært så effektive framfor Tambarmålet i fyrste omgang. I andre omgang starta Tambar med to gedigne målsjanser, og etterkvart utligna dei til 3-3, etter to kjappe mål. Herifrå og inn, såg ikkje Tambarlaget seg tilbake og bestemte alt ute på bana og stoppa ikkje før laget hadde sett inn heile 7 mål.

6.divisjon avd. 2

Tempo-Tambar 3-7 (3-1)
1-0
2-0
2-1 Eirik Engen Skadal
3-1
3-2 Jesper Tomassen
3-3 Sander K. Nordheim
3-4 Sjølvmål (Jesper)
3-5 Jesper Tomassen
3-6 Iben Munkvold
3-7 Iben Munkvold

Les meir på heimesida til A-laget

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse