Tambar med solid seier mot Bremanger i kveld

Tambar G13/14 9er var det klart beste laget, då dei tok imot Bremanger til kamp på Naustdal stadion mandag kveld.

G13/14 9er 1.divisjon avd.2

Tambarskjelvar - Bremanger 8-1 (6-0)

Dommer: Martin Hukset.

Bilder frå kampen

Haustsesongens fjerde runde i 1. divisjon for Tambar-gutane gjekk av stabelen på Naustdal stadion i kveld. Motstandar var Bremanger som før kampen hadde to sigrar og eitt tap. Medan vi sto med to sigrar og ein uavgjort, med mektige 22-8 i målskilnad og på toppen av tabellen i 1.divisjon avd. 2.

I kveldens lagprat gjekk vi tilbake til dei spelprinsippa som vi var sterke på i vårsesongen. Gutane responderte godt og tok del i samtalen. Til tross for ei litt rotete oppvarming før kampen var gutane likevel på frå start. Dei laga eit par tidlege frispark som følgje av aggressivt spel og sette seg i respekt med ein gong.

5 min: Det skulle ikkje gå meir enn fem minuttar før den første skåringa kom. Vidar slår ein lang krossar frå venstre over på Nordbotten som tok inn ballen og spela vidare til Fredrik. Fredrik la så ut igjen til Nordbotten før ballen på ny blei slått hardt og flatt inn i boksen. Fredrik set venstrefoten til og 1-0 er eit faktum. Markkrypar i venstre hjørne.

6 min: Det går ikkje eingong eit minutt før den neste skåringa kjem. Referent har framleis nasen ned i notatblokka, men har blitt fortalt at Bendik la igjen til Fredrik som dobla leiinga. 2-0. Kampen er seks minuttar gammal.

9 min: 3-0 kjem etter hjørnespark frå høgre. Vidar sin giftige venstrefot prikkar som regel hjørnesparka på hovudet eller i fot til medspelarar. Kristen dunkar inn vår tredje skåring om lag 40 centimeter ifrå streken. Ei pangopning.

23 min: Eit flott angrep som starta med Jørgen som spelar ut til Solheim på høgrebacken som i neste omgang spelar ballen vidare ut på høgrekanten før den hamnar hos Bendik. Frå distanse sender han av garde ein markkrypar på det våte underlaget. Ballen skyt fart og treff metallet i bakkant av målet. 4-0.

25 min: Magnus avsluttar frå venstrekanten. Keeper reddar skotet, men gir retur. Vi har fleire spelarar som jagar den lause ballen, men det er Magnus som klemmer til med venstreslegga si. Utagbart i lengste hjørne. 5-0.

29 min: Innkast høgt i bana på venstresida. Etter kamp om ballen får vi omsider lempa ballen inn i boksen. Matias har kome inn frå kanten og breisidar ballen i ein fin boge over ein utrusande keeper og inn i det tomme målet. 6-0.

Resultatet står seg til pause. Forutan om skåringane produserer vi mange sjansar i første omgang. Vi fekk i gong kantspelet vårt – og då er vi farlege. Vi klarer å variere mellom korte pasningar i tronge situasjonar og meir direkte pasningar ut på kantane som gjorde at Bremanger vart springande mykje etter ballen. I tillegg har vi fleire farlege dødballar. Solheim hadde mellom anna ei heading som strauk stolpen.

I pausen gjorde vi ein del rokkeringar på laget. Fleire fekk prøve seg i uvande posisjonar. Andre omgang bar preg av det, men gutane stod opp gjennom heile kampen og viste tæl. Vi trur det er god læring i å prøve seg i uvande posisjonar. Ein veks på å vere litt utanfor komfortsonen i periodar.

41 min: Seks minuttar ut i andre omgang reduserer Bremanger på ei kontring etter at vi har hatt hjørnespark. Tre raudkledde spelarar set fart mot målet til William som lite kan gjere med avslutninga. Det skal også nemnast at vi hadde fire spelarar på heilhjarta returløp sjølv om dei ikkje nådde fram i tide denne gong.

49 min: Solheim spelar til Nordbotten som dreg seg inn frå høgrekanten. Han rappar til, treff stolpen og på returen er Fredrik som set inn 7-1. Også denne gong med venstre. Eit rykte skal ha det til at Fredrik tener 20 kroner for kvar skåring han har med «keiva». Dersom dette stemmer vart han 40 kr rikare denne måndagskvelden.

64 min: Kollektivt press av Magnus og Kristen på Bremanger sin venstreback. Kristen er aggressiv og vinn ballen. Han spelar vegg med Magnus to gonger før han avsluttar med ein frekk tunnel mellom beina på keeper. Dermed fastset han sluttresultatet til 8-1.

Ein god kamp av dei gule og svarte. Jørgen er flink til å ta ut breidde når vi har ballen slik at vi får vendt spelet når det oppstår tronge situasjonar. Martin og Fredrik er flinke til å variere pasningane sine slik at vi unngår unaudige balltap sentralt i bana.

Sportsleg og vaksen oppførsel kampen igjennom. Gutane viser heller ingen teikn til hovmod etter ein ganske så klar siger når ein takkar motstandar for kampen etter siste fløytesignal frå dommar Martin Hukset. Dette er ei sjølvfølgje, men gutane fortener å få det svart på kvitt at vi er nøgde med dei i kveld.

Deretter bar det til kiosken der gutane fekk kvar si svele. I garderoben etter kampen delte Håkon ut handshake til alle. Nokre gonger treng ein ikkje nytte ord for å uttrykke tilfredsheit. I kveld viser gutane mykje godt som vi skal byggje vidare på i den komande treningsveka.

Resultater og tabell

Ref.: Espen Eithun Langedal.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse