Nytt kampoppsett turnering 7.divisjon på Naustdal stadion lørdag

Tambar Fotball er arrangør av sesongens fyrste 7.divisjonsturnering, som går av stabelen lørdag førstkomande.

I pulja til Tambar 2, finn vi også laga Anga, Viksdalen og Vadheim. Kampane vert spela som 7er fotball, der speletida er 2x20 minutter.

Det er no laga nytt kampoppsett til turneringa på lørdag. Turneringsstart er fortsatt klokka 12:00, men i stadenfor å spele ein kamp i slengen, tek ein i bruk heile stadion og køyrer to kampar paralellt.

Ta turen på stadion på lørdag. Kiosken vert åpen under heile turneringa og tettpakka med fotballkamper frå klokka 12:00 til nærmare kl.16:00.

Kampoppsett ser slik ut:

Kamp 1: Bane 1 Kl. 12:00 Anga – Viksdalen
Kamp 2: Bane 2 Kl. 12:00 Vadheim – Tambarskjelvar 2
Kamp 3: Bane 1 Kl. 13:30 Viksdalen – Vadheim
Kamp 4: Bane 2 Kl. 13:30 Tambarskjelvar 2 – Anga
Kamp 5: Bane 1 Kl. 15.00 Anga – Vadheim
Kamp 6: Bane 2 Kl. 15.00 Tambarskjelvar 2 – Viksdalen

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse