Tambar arrangerer første turnering i 7.divisjon

Også denne sesongen stiller Tambar med lag i 7.divisjon, og møter laga Viksdalen, Anga og Vadheim.
Kampane i 7.divisjon vert spelt på oppsette turneringshelgar, der kvar av deltakarklubbane står som arrangør.

7.divisjon vert spelt som 7er fotball og det vert kåra ein kretsmeister etter fire turneringer.

Tambar Fotball er fyrste arrangør, og arrangerer turnering på Naustdal stadion 30.mai.

Fotballkretsen har sett opp fyljande kampoppsett ( speletid: 2x20 min ):

Kamp 1: Kl. 12:00 Anga – Viksdalen
Kamp 2: Kl. 13:00 Vadheim – Tambarskjelvar 2
Kamp 3: Kl. 14:00 Viksdalen – Vadheim
Kamp 4: Kl. 15:00 Tambarskjelvar 2 – Anga
Kamp 5: Kl. 16:00 Anga – Vadheim
Kamp 6: Kl. 17:00 Tambarskjelvar 2 – Viksdalen

Kiosken er åpen på stadion, og det høve til å opphalde seg i kantina på skulen mellom kampane.
Garderobar er tilgjengeleg på skulen.

Alle lag må gjere seg kjent med reglar og informasjonen som gjeld turneringsforma.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse