7.divisjonslaget med sin fyrste kamp i kveld

Tambar Fotball sitt nyoppretta 7.divisjonslag spela i dag sin aller fyrste kamp, då dei møtte Tambar sitt G15/16 lag.
7.divisjonslaget skal denne sesongen delta på tre helgeturneringar, der dei møter Haugen, Viksdalen og Vadheim til kampar. I denne divisjonen blir det spelt 7er fotball.

Også i dagens treningskamp vart det spelt 7er fotball, og det nydanna laget hang bra med på stadion i kveld. Til pause leda gutelaget 4-3, medan sluttresultatet vart 5-7 tap for 7.divisjonslaget.
No skal det nemnast at gutelaget hadde henta inn litt forsterkningar til treningskampen, og det hjalp bra på med tre spelarar frå Tambar sitt 4.divisjonslag.

Vi ynskjer 7.divisjonslaget lukke til med si fyrste turnering på lørdag. Den turneringa går på Nordfjordeid.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse