Tambar stiller lag i 7.divisjon

Tambar Fotball har meldt på lag i 7.divisjon denne sesongen, og spelar sine fyrste kampar lørdag 14.juni.
I 7.divisjon vert det spelt 7er fotball, og det vert også kåra ein kretsmeister i løpet av sesongen. Utenom Tambar, finn vi laga Haugen, Viksdalen og Vadheim. Kampane vert spelt som turneringshelgar, der alle laga arrangerer turneringar på si heimebane. Fyrste turnering går i Nordfjord 14.juni, der Haugen står som arrangør.

Initiativtakarar for Tambar sitt lag, som vil bli heitande Tambarskjelvar 2, er Steffen Grytten og Vebjørn Hansen. På bildet ser vi dei to karane ilag med Tambar Fotball sin leiar, Bjørn Hundershagen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse