A-lag 2012

Surt tap mot Florø 4

Tambar sitt a-lag måtte reise tomhendt heim frå Florø i kveld etter at laget gjekk på eit surt nederlag mot Florø sitt fjerdelag. Rett nok mangla Tambar ein del av sine faste spelarar, men alikevel hadde vel dei færraste trudd at Florølaget skulle ta sine første poeng for sesongen akkurat mot Tambar.
Gunnstein Vefring var dagens spelande lagleiar, og han har sendt oss fyljande refferat frå kveldens kamp:

1.omg
Tambar startar kampen i sin vante 3-5-2 formasjon, vi pressar alt for høgt i bana i starten av kampen og får to raske mål imot, begge er gjennomspelingar i midten der angripar kjem aleine mot keeper. To endringar vert gjort på stillinga 2-0 Joar kjem inn som midtstoppar og Anders Aase tar over som anker på midten, situasjonen betra seg litt, og vi har god kontroll bakover resten av denne omgangen.
Offansivt var omgangen prega av at ein trekk seg litt i duellar mot tøffe florøværingar, og eit florølag som var raske i omstillinga, låg kompakt og hindra Tambar i å spele ball offansivt, mange av angrepa ebba derfor ut i Tambarpasningar som vart brutt eller dribleraid som gjekk i dass.

2.omg
Vi held på 3-5-2 formasjonen
At ein prøvar å vinne ballen men er UHELDIG og taklar stygt med gult kort som resultat, det kan alle akseptere. Det er derimot ikkje uheldig å bli utvist for å "kne'e" motspelar etter at ein får frisparkavgjerdsle imot seg. Det blir forventa at folk som er ferdige med ungdomskulen har vett nok til å vurdere om ei handling vil være teneleg eller ikkje teneleg for laget før ein eventuellt utfører handlinga. Nok om det.
Vi får to mål denne omgangen, Florø får eitt. Florø burde kanskje hatt 10, men ein sliten Ole.B har plassert seg i mål, og sto etter eget utsagn "som ein påle". Definisjonen på påle er "En påle är en stock, oftast nedkörd i marken". Det kan tyde på at pålen var nedkjørt på akkurat rett plass i så tilfelle.
Med 1 mann i manko 35 minuttar av andre omgang, vert det ein omgang med mykje slitne spelarar og lite finspel. Kampen ebbar ut til Florøsiger 3-2.

Oppsummering
Vi pressar for høgt, mot ein kompakt motstandar og blir tatt på kontringar i 1.omg.
Heile laget gjer dårlege val i pressa situasjonar, etterkvart som tida går vert vi meir frustrerte og utolmodige og rettar negativt fokus på dommar og kvarandre, istaden for å hjelpe kvarandre til å spele bedre.
Alt i alt ein fortjent Florø siger. mot eit Tambarlag som presterar langt under pari.

Desse var delaktige i kampen:
Ole Bertil Elvebakk
Andre Sølvberg
Gunnstein Vefring
Joar Vefring
Kristoffer Hammarset
Iben Munkvold
Jørgen Helgheim
Nicolai Sundbye
Henrik Aase
Anders Aase
Joakim Engebø
Andreas Vatne
Henrik Hundershagen

13.06.12 Florø 3-Tambar 8-4

A-laget fekk ein pang-åpning på den viktige kampen mot Florø 3 på Florø stadion tirsdag kveld, ein kamp som også var den siste før sommarferien. Men eit skuffa Tambarlag måtte gå av bana ved kampslutt og innsjå at dei måtte returnere til Naustdal med null poeng.

Allerede etter 10 minuttar spel i første omgang leda Tambar 2-0, etter scoringar av Andrè Sølvberg og Iben Munkvoll. Men Florølaget hadde så avgjort ikkje gitt opp håpet, etter at dei hadde fått seg to tidlege i fleisen. Tambarlaget vart springande mykje i mellom og etter Florø 3-spelarane, som nærma seg scoring utover i første omgang. Men eit bra Tambarforsvar klarte å demme opp for dei heilt store sjansane til heimelaget, og ein god Tambarkeeper, Gunnstein Vefring, hadde fleire gode inngripener og rydda opp i stor stil. Men ei kanon frå ein Florøforsvarar frå 18-20 meter berre 2 minuttar før pause, var vanskeleg å avverge også for den gode Tambarkeeperen. Dermed fekk Florø 3 den viktige scoringa, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Tambar.

Tidleg i andre omgang utligna Florø 3, og stillinga er 2-2. Berre nokre få minutter seinare er Florølaget frampå med ny scoring, og har snudd kampen i deira favør. 3-2. For oss som stod på sidelinja, var dette ein soleklar offside, og den einaste som ikkje såg det var dommaren. Og høglytte protestar frå trenar og Tambarspelarar ute på bana, hadde sjølvsagt lite føre seg!

Men sjølv om Tambar i denne omgangen hadde fått to kjappe i mot, og med ein dommar som slett ikkje var med på notane, gav ikkje laget opp. Iben Munkvoll går på ein god stikkar i midten, får kontroll, lurer av ein mann og lobbar ballen iskaldt og kontrollert i nota, 3-3 og ny spenning i kampen.

Florø 3 er frampå litt etter med to kjappe scoringar att, og går opp til ei 5-3 leiing. Litt spenning fekk vi igjen då Iben kjempar til seg ballen på kortlinja, sler inn framfor mål og Henrik Hundershagen dunkar ballen i mål. Men Florølaget let ikkje spenninga vare for lenge. Vertane har kontroll på Tambarlaget og med ytterliggare tre scoringar på tampen av kampen, vert det ein 4-8 tap for Tambar i vårsesongens siste kamp.

Tambar møtte eit godt Florølag i denne kampen, og dei vann kampen fortent. Vi skjøner frustrasjonen Tambarspelarane og trenarteamet hadde på dagens dommar, der blandt anna det viktige 3-2 målet til Florø 3 burde ha vore annulert på grunn av ein soleklar offside. På Tambar trekker vi fram tomålscorar Iben Munkvoll, Kristoffer Fauske i forsvar og keeper Gunnstein Vefring.

6.divisjon avd.2
Florø 3-Tambar 8-4 (1-2)

Dommar: Ragnar Åmot

0-1 Andrè Sølvberg
0-2 Iben Munkvoll
1-2 Florø 3
2-2 Florø 3
3-2 Florø 3
3-3 Iben Munkvoll
4-3 Florø 3
5-3 Florø 3
5-4 Henrik Hundershagen
6-4 Florø 3
7-4 Florø 3
8-4 Florø 3

28.05.12 Atløy-Tambar 2-3

A-laget tok nye tre poeng i dagens kamp mot Atløy på bortebane, då dei vann med knappast mulig resultat, 3-2. Seiersmålet kom berre få minutter før kampslutt, då Nikolai Stølsvik sette ballen i Atløymålet. Tambarkeeper Marius Herstad måtte forlate bana på slutten av kampen, då han fekk eit kne frå ein Atløyspelar i ansiktet og truleg fekk skada fleire tenner.

Dermed er Tambar for fult med i toppen av 6.divisjon avd 2, etter at laget har vunne tre kampar på rad. Einaste tapet for seniorane kom i den første kampen for sesongen, då dei tapte 1-2 mot Tempo. Neste kamp for a-laget er tirsdag 5.juni kl.20.00 på Naustdal stadion. Motstander er Førde 4, eit lag Tambar har slege to gonger i treningskampar i vinter.

6.divisjon avd.2
Atløy-Tambar 2-3 (1-2)

0-1 Nicolai Sundbye
1-1 Atløy
1-2 Henrik Aase (str.)
2-2 Atløy
2-3 Nikolai Stølsvik

06.06.12 Tambar-Førde 4 3-0

Tambar starta med følgjande lag: Gunnstein; Ole, Torgrim, Fauske; Anders, Henrik Hunders, Henrik Aase, Andreas, André; Iben, Sundbye. Inn kom: Ola, Joakim, Stølsvik, Villy og Jørgen. På sidelinja: Frank, Helge, Espen og Jan Magne.


Dei første minuttane var prega av mange soloprestasjonar som ikkje førte nokon veg. Det skulle gå nesten ti minuttar før vi noterte oss kampens første halv-sjanse. Hunders blir spela fri ute på høgrekanten og slår eit godt innlegg mellom keeper og backrekka til Førde, men der er ingen gule å spore i nærleiken.
Minuttar seinare er Førde hakket nærmare etter ein teljefeil i vår eigen boks. Eit innlegg ifrå høgre går over første og andreforsvarar. På bakre stolpe dukkar ei kvit, umarkert trøye opp. Han får hovudet på ballen, men avslutninga går over mål.
Det påfølgjande målsparket frå Gunnstein endar hos Andreas på høgrekanten som utfordrar backen sin og spelar fri Iben som set ballen like til side for mål frå skrått hald.
Kampuret bikkar femten minutt i det Gunnstein med eit langt utspark sender Iben på ny aleine igjennom. Midtstopparen til Førde hentar inn løpet til Iben, men blir rundlurt av ei skotfinte. Avslutninga som til slutt kjem med venstrefoten subbar i bakken og blir enkel å snappe for Førde sin sisteskanse.
Fauske bryt eit angrep og sender av garde ein lang stikkball mot Henrik Aase som prøvar å legge igjen til Sundbye på eitt touch, men ei kvit trøye kjem først på ballen og får avklart.
Etter atten minutt kjem Andreas til avslutning frå sin høgrekantposisjon, men framleis står det 0-0.
Det skal gå nye ti minutt før vi får ein ordentleg målsjanse. Men den er stor, større enn Storehesten. Vi blir tildelt eit frispark frå om lag tjue meter. Henrik Hunders gjer seg klar til å ta det, og Førde hastar med å få sett opp mur og dekke løpa som er på veg inn i feltet. Ute til venstre har André tjuvstarta og får ballen. Han kjem seg til dødlinja og klinkar ballen opp i nettaket. 1-0! Ei kjempescoring som kom brått på dei fleste. Det tek tre sekund før vi på sidelinja registrerar at ballen ligg i nota.
Fem minuttar seinare blir Sundbye spela igjennom. Avslutninga hans går rett i fanget på keeper.
Det går nye fem minuttar før Iben igjen kjem til avslutning etter nok eit langt utspel frå Gunnstein, men heller ikkje denne gangen hamnar ballen i gollen.
Minuttet før dommaren bles av for pause noterar Iben seg for nok ein sjanse, men heller ikkje denne gangen vil det seg for stakkars Iben J.

I pausen er det eit snev av frustrasjon ute og går. Vi kjem til ein god del hundreprosentsjansar, men klarar ikkje å omgjere dei til scoringar. I dei to fremste ledda ser vi altfor mange forsøk på at feilvendte spelarar som mottar ballen skal vende opp. Dette fører til at Førde har hatt tidvis grei kontroll dei gangane vi har brote og sett fart framover. I andreomgang skal vi bli langt flinkare til å leggje ballen igjen og brette spelet rundt ut på kantane. Gunnstein har hatt mange gode igangsetjingar, og backrekka saman med Anders har hatt stålkontroll på alle initiativ ifrå bygutane.
Vi gjer tre byter i pausen. Ola kjem inn på midten, Joakim får prøve seg på topp og Stølsvik tek plass i forsvaret. Ut går Andreas, Iben og Ole. Henrik Aase tek plass ute på høgrekanten og gjer plass til Ola sentralt saman med Hunders og Anders.
Ti minutt av andreomgang er unnagjort i det Sundbye mottar ballen høgt i bana. Han legg igjen til Anders som på eitt touch slår ballen vidare til Ola. Ola løftar blikket og spelar fri André på venstrekanten som kjem til innlegg. Inne i boksen dukkar Joakim opp. Han er først på ballen og doblar leiinga vår. 2-0! Eit raskt og herleg angrep.
Fem minuttar seinare blir André på ny spela fri på venstrekanten. Og igjen er Joakim først på ballen inne i boksen. På volley breidsidar han inn 3-0!
Vi gjer ytterlegare to bytter etter scoringa. Sundbye byter med Villy som går inn og blir spissmakkeren til bror sin, og Jørgen kjem inn for Anders. Henrik Aase tek over den defensive rolla til Anders og Jørgen blir flytta ut på høgrekanten.
Minuttar seinare er det tre av innbytarane som står bak det neste angrepet vårt. Joakim er djupt i bana og vinn ballen. Han får rettvendt seg og spelar ein stikkar til Jørgen som kjem i hundre og helvete på sin høgrekant. Han får slått eit godt innlegg som treff pannebrasken til Villy. Ei god redning hindrar at storebror Engebø teiknar seg inn i målprotokollen. Denne hadde fortent ein betre skjebne.
Med eit kvarter igjen å spele blir ein corner klarert ut til Henrik Aase som står på tjue meter. Han slår ballen høgt og hardt inn igjen i feltet. Joakim får styrt ballen, men den snik seg diverre på feil side av stolpen.
Ti minuttar før slutt slepp Ole og Andreas inn igjen på bana. Henrik Hunders og André går ut. Ole tek plass i forsvaret, og Andreas tek over på venstresida. Stølsvik blir flytta opp eit hakk og utgjer den sentrale midtbana saman med Ola.
Andreas, Joakim og Villy kombinerar fint på høgresida. Joakim spelar fri storebror som set fart mot mål, men kjem aldri til ei skikkeleg avslutning.
Det siste som blir nemnt ifrå kampen er det einaste skotet Førde fekk på mål. Eit hardt skot ifrå vel 20 meter gjer at Gunnstein like så godt glimtar til med eit tigersprang og slår ballen unna.
Vi spelar tidvis mykje god fotball, men får altså berre med oss tre pinnar ifrå denne kampen. Defensivt er vi tryggleiken sjølv i dag. Midtbana jobbar knallhardt for kvarandre, og spissane våre kjem til mange sjansar. Når utteljinga blir like god som vaflene i bua, då luktar det fugl av dei gule og svarte. Det er mange spelarar som er verdt å trekkje fram i dag, men med fare for krampe i fingrane fattar eg meg i kortleik og nemner Gunnstein, Ola, Joakim og Fauske. Sistnemnde var kanskje størst av dei alle. 3-0 og tre poeng i dag, gutar. No pustar vi Tempo i nakken. Forza Tambar!
Refferat: Espen Langedal

01.05.12 Tap mot Tempo

Det var glimrande dag for fotball på stadion i dag, med sol frå skyfri himmel og flagget til topps, då Tambar og Tempo møttes til seriestart for 6.divisjon avdeling 2.

Tambar åpna friskast i dagens kamp, og hadde komandoen mot gjestane frå Florø i fyrste omgang. Laget spela seg til mange sjansar, og i det 22.minutt fekk Andrè Sølvberg lagt inn på eit av sine mange raid frå venstrekanten. Inlegget gjekk via både Tambarspelarar og Tempospelarar, før Nicolai Sundbye fekk sett foten på ballen og i mål.

Tambar forsette presset også etter ledarmålet, og kunne med litt meir hell ha putta fleire gonger. Istadenfor er det gjestane frå Florø som får seg ei redusering i sluttminutta. Ei lang avklaring frå Tempoforsvaret når ein Tempospelar på topp, som forserer fram mot Tambar sin sekstenmeter og set ballen bak Marius Herstad i Tambarmålet og utligning til 1-1. Dette vert også pauseresultatet.

Andre omgang var berre to minuttar gammal då Tempo får tildelt straffe frå dagens dommer Ragnar Åmot. Tambarkeeperen feller Tempospelaren i det han misser ballen heilt ute på hjørnet av sekstenmeteren, og slik vi ser det er nok avgjersla frå dommaren rett. Tempo scorar greit på straffa, og har snudd kampen.

Tempo tek meir over i andre omgang og har eit visst grep på etterkvart frustrerte Tambarspelarar. Men laget frå Florø er heller ufarlege framfor mål, og set ikkje Tambar på dei store prøvelsane framfor heimemålet.

Tambar pressar på i siste del av omgangen, og har fleire brukbare sjansar til å utligne. Men ballen vil ikkje i nota, og skuffa Tambarspelarar må innsjå at det vert tap i sesongstarten då dommaren bles av for full tid.

6.divisjon avd. 2:
Tambar-Tempo 1-2 (1-1)

1-0 Nicolai Sundbye (22 min)
1-1 Tempo (41 min)
1-2 Tempo (47 min)

Dommer: Ragnar Åmot
 Denne siden ble sist oppdatert 7/11-2013

 Del denne siden på Facebook: