Res. Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2016

(Kl. 21.00)
11. og 12. mars møttes 23 løpere fra LASK (Lademoen Skøyteklubb), Panserkameratene, HOF (Hall of Fame) og UK (utenfor konkurranse) for å gå stor firkamp,da Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2016 gikk av stabelen i Fosenhallen. Årets meisterskap ble vunnet av Frode Midjo (bildet) med 182,228 poeng, fulgt av Thomas Røste på 2. plass med 186,165 poeng og Trygve Reitan på 3. med 195,885 poeng. 

STSKs hjemmeside hadde dessverre ikke anledning til å være tilstede under årets meisterskap, og vi bringer derfor her en flott oppsummering vi har fått tilsendt fra Undergrunnsskeiserørslemeisterskaps-tilskipingsnemnda / Per Gunnar Stensvaag.

Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2016, det 30. i rekka. I år vart det om mogleg ein endå større suksess enn før. Tilskipinga tok som vanleg til fredag kveld kl. 19:00 med 500 meter. Akkurat som i VM var det tolv par, men grunna eit fråfall i siste augneblink laut underteikna gå aleine. På 5000 vart det så 5 fine kvartettar pluss ein like fin trio. Nytt av året var det at alle samla seg i kaféen etter løpa fyrste dag.

 Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemnda (kjerringa og eg) hadde i løpet av dagen laga til over 30 liter med kjøttsuppe som snøgt vart fortært av svoltne skrinnarar, dvs. noko vart att og nytta til duggurds mellom 1500 og 10.000 på laurdag.


Kultursjefen i Bjugn, Ådne Røkkum, stilte opp med gitaren sin og hadde også teke med seg eit piano og ein bassgitar. Desse vart traktert høvesvis av tangentekvibrilistane Espen Riktor (LIK) og Bjørn Willadsen (LASK) og strengeklimprarane Jostein Bø (LASK) og Iver Johansen (HoF). Underteikna var så i kjøkenskuffa og fann fram eit par vispar som vart nytta til å halda takta ved å slå på ulike delar av ein stol, eit noko utradisjonelt trommesett med andre ord. Likevel såg dette kulturelle innslaget ut til å slå an og blotet heldt fram til over midnatt. Fleire bilete

Start 1500 meter vart satt til kl. 13:00 for at skrinnarane skulle ha god tid til å kvila seg etter alle aktivitetane fredag. Etter ei god og lang pause med tilførsel av ny energi i form av den populære kjøttsuppa, var det klart for 10.000 kl 16:00. To fråfall hadde det vorte sidan dagen før, men det skuldast ikkje overstadig inntak av korkje suppe eller anna flytande. Ingen av dei to avhopperne var til stades under det store kultur- og etegildet, men var opptekne på anna hald, ein av dei med korøving. Kan hende vart det både piker og vin i tillegg til sangen. Kva veit vi ? I alle høve kjørte vi vidare med 4 kvartettar, ein trio og eit superpar til slutt for å få ei best mogleg avvikling av ti-aren med dei 21 som alle fullførte den store firkampen. Det gjekk og veldig bra med fleire gode resultat og jamvel nokre persar. I det heile teke var det, bortsett frå underteikna sin innsats, ingenting å seie på den sportslege kvaliteten ved stevnet, noko resultata tydeleg synar.

Laurdag kveld var det sjølvsagt tradisjonen tro stilig bankett på Dellis (tidlegare Jasmine) med nydeleg mat, høgtidsstemning, talar og sermoniar, alt i tråd med nedfelt kodeks i Undergrunnsskeiserørsla. Kva gjeld deltaking sakna vi diverre nokre sentrale løparar. Arne Kjell Foldvik og Jon Gauslå, til dømes, laut halda seng etter at dei under Veteran-VM pådrog seg ein skummel hollandsk krimsjuke. Grete Holstad og Hans Martin Thommassen var tilstade ringside, men fekk grunna kroppslige vanskar ikkje tredd skeisene på føtene. Dei kjem sterkt attende neste år i lag med mellom anna Einar Rædergård som har hatt eit par mellomsesongar.

Særs viktig og gledeleg tilvekst fekk vi frå LIK-miljøet i Christiania. Sjølvaste presidenten i Lilleborg Idrettsklubb, Espen Riktor, fann vegen til Bjugn i lag med den overlag gilde frilla si, Marit, ein stilløpar av rang. Ved akklamasjon under banketten vart LIK oppteken i Undergrunnsskeiserørsla, ein formidabel tilvekst til kraftsenteret i norsk skeisesport. Vi reknar med at det kjem mange fleire LIK-arar til neste år. Det vert då det 31. Undergrunnsskeiserørslemeisterskap, mitt tjuesjuande på rad. Vi vonar då at dei prominente herrer frå Sør-Trøndelag skeisekrins i lag med mange andre notabilitetar kjenner si vitjingstid både på og utanfor isen.

Med venleg helsing
Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemnda

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse

 Klikk på logoen for å komme til hjemmesiden
Ta en tur innom og få skøyterabatt
(Gjelder medlemmer i STSKs klubber)
Klikk på logoen for å komme til hjemmesiden

Klikk på logoen for å komme til hjemmesiden
700 m sør for Klettkryset

Les mer på Islek.no

Istider aktive og publikum
Leangen kunstisbane

Kretsstatistikk
pr. 01.05.2016


STSKs Youtubekanal

Gjestebok

Diskusjonsforum
Du må være medlem på
hjemmesiden for å delta

Kontakt STSK

STSKs Facebookgruppe

STSKs NETTALBUM

Styret i STSK ses. 2020/2021

Adresser:
Sør-Trøndelag Skøytekrets
postboks. 4595, Persaunet
7470 Trondheim

Sør-Trøndelag skøytekrets` Lover

STSKs årsberetning 2019/2020 
med protokoll fra kretstinget


 Klubbenes årsberetninger 
2019/2020

Strategiplan for
Sør-Trøndelag skøytekrets
2012 - 2014


Viktige dokumenter
vedr. Hurtigløp
ses. 2020/2021

Reg. Startlisenser i
STSK ses. 2010/2011

(pr. 05.01.11)

Støtt våre klubber gjennom


Antidoping Norge

 


Lei TSK-huset
til møter og selskaper

Gratis hjemmeside !

Strikkeoppskrift til"Djevlelua"

Skøytehistorier

Trøndere i NSFs styre
og
tingvalgte komiteer
1893-2011

Skøytetinget 2009

Klikk på logoen for gode overnattingstilbud
Klikk på logoen for gode overnattingstilbud

 

Trønderlista
20th Masters i Calgary

(oppdat.03.03.2011)

VM-hilsen
fra Geir Nesset

(26.02.2011)
 

Daglige rapporter
v/Arne Kjell, fra
Veteran-VM i Calgary

(oppdat.27.02.2011 kl. 15.00)

BØSK-løpernes reisebrev
fra
Veteran-VM i Calgary

(23.02.2011)

 

Informasjon om barneidrett fra NIF  - "Idrettens barnerettigheter" og "Bestemmelser om barneidrett".

Vikingskipet. - Informasjon om åpningstider, istider og priser.

Fosenhallen  - Informasjon om Norges 2. ishall / flerbrukshall.

Nordea kunstisbane  Kristiansund 

Skøytehåndboka- alle opplysninger vedr. hurtigløp og kunstløp.

Som medlem på STSKs hjemmeside kan du opprette din egen private hjemmeside GRATIS ! 

 

 

 Været i Trondheim

3V Vikings

Skøyter 15.46,6 

Nesodden skøyteradio
(Mandager fra kl. 22.10)

18th Masters` International
Allround Games 2009


Katarina
spesial

Hjemmesiden ble opprettet 16.06.06
webansv. Lars K. Brechan