André Kouprianoff – franskmann med russiske aner

André Kouprianoff hadde russiske foreldre, derav det lite fransk-klingande namnet. Dei flykta til Frankrike før krigen. Han vart fødd i Paris 19. okt. 1939. Han fekk smaken på skøyter p.g.a. ein annan god fransk løpar på 50-talet, Raymond Gilloz.

Skøyteverda fekk høyre om André Kouprianoff første gongen under VM i Davos i 1960, også kalla  ”Kouprianoff-mesterskapet”. Han dukka då opp som trollet av den berømte øskja, og gjekk uventa inn til ein sterk andreplass i samandraget, berre slegen av Boris Stenin. Det vart ingen offisiell seiersseremoni ved dette mesterskapet. Grunnen var at DDR’s Helmut Kuhnert vart nummer tre samanlagt. Arrangørane og ISU ville ikkje heise det aust-tyske flagget. Den norske troppen arrangerte ein privat seremoni for Stenin, med Kuppern i rolla som premieutdelar.

Dei norske løparane gjorde det elendig i dette mesterskapet. Grunnen var vel først og fremst dei spesielle istilhøva som var i Davos. Den mjølkekvite Davos-isen med den fenomenale glien, var jo eit begrep heilt sidan 1898. Dei sprøyta isen utan å skrape vekk nattas snø-/rimlag, noko som ga ishinne med ”bom” i. Kraftige og veltrena løparar, som dei norske, sparka så kraftig at vidunderisen fauk i store flak bortover isflata. Kouprianoff var jo liten og lett, og profiterte nok på slike istilhøve, det var i alle høve det nordmennene brukte som (bort)forklaring.

Innsatsen til Kouprianoff i Davos gjorde at det oppsto eit ”Kouprianoff-hysteri” her i landet. Det vart samla inn pengar til franskmannen, organisert av ”Kouprianoff-klubben av 1960. Det gjekk mellom anna rykter om at han var ein sovjetisk opposisjonell som hadde flykta frå KGB. Mange såg på André som ein intellektuell faneberar i kampen mot den rå muskelkrafta. Kouprianoff var langt på veg eit ikon for venstresida i ein periode etter 1960. Aslak Sira Myhre har i eit essay skildra då Dag Solstad las frå boka si, ”Roman 1987”, for eit lugubert publikum i Mjøsdistriktet:

Ved inngangen til siste stoppested, Håkons pub, den bruneste puben på denne sida av Mjøsa, var det kø når vi kom. Forfatterne måtte brøytes inn til hver sin plass. Vigdis Hjorth har sjarmert og engasjert publikum med sex, familieliv, forelskelse og tapt kjærlighet. Solstad har vært lest fra Roman 87 om fotball fra tredjedivisjon og ambassadørbesøk på Lillehammer. Men nå, ved rundens avslutning, drar han fram en av sine aller mest berykta tekster. Skøytesidene fra Roman 87, en uendelig oppramsing av isforhold, tider og resultater fra en skøytesesong tidlig på sekstitallet. En effektiv stopper for manges kjærlighet til Solstad. Det er helt stille. Han leser om barmarkstrening og is på for lengst glemte baner fra tida før kunstfrys og innendørshaller. Han leser om nordmenn og utlendinger på treningsleir. Og han kommer til punktet hvor han skal referere til en for lengst glemt skøyte-løper med fornavn André. Han gjør en kunstpause, og et øyeblikk er det som å være på rockekonsert med et hvilket som helst stjerneband. For mens Solstad puster inn, roper Lillehammers litteraturinteresserte, utegjengere, fylliker og festere med en stemme ”Kouprianoff”. Og det er navnet. Det er navnet Solstad skal lese. For meg var det festivalens høydepunkt. Sidene som har fått mang en leser til å slutte å lese, var i stand til å vinne festivalens absolutt vanskeligste publikum.

Det som kjenneteikna skøyteløparen Kouprianoff, var at han var om lag like god på alle dei fire distansane. Vi kan vel seie at han var ein forløpar for seinare generasjonar med liknande løpartypar, som t.d. Fornæss, Schenk, Heiden og nederlendarane på 80- og 90-talet. Kouprianoff var ein effektiv teknikar, var naturleg rask og hadde ikkje store musklar som lett kunne stivne på ein 10.000 meter. Den spinkle kroppen, det at han gjekk med gullinnfatta briller, og at han såg ut som ein intellektuell, gjorde at det oppsto mytar om både det eine og det andre. Det vart hevda at han praktisk talt ikkje trena m.a.

Han debuterte internasjonalt under EM på Bislett i 1960, men utmerka seg ikkje på noko vis då. Men i Davos slo han til. Han fekk plasseringane: 7-3-3-5 på dei klassiske distansane 500-5000-1500-10000, og vart altså nummer to samanlagt, etter at mannen som låg framom han før 10000, Evgenij Grisjin, trakk seg frå avslutningsdistansen. I OL i Squaw Valley var storforma over, han kom ikkje på poengplass på nokon distanse.

Bilde: André Kouprianoff sammen med trener Gøsta Olander

André Kouprianoff hadde russiske foreldre, derav det lite fransk-klingande namnet. Dei flykta til Frankrike før krigen. André vart fødd i Paris 19. oktober 1939. Han fekk smaken på skøyter p.g.a. ein annan god fransk løpar på 50-talet, Raymond Gilloz. Han var ein slags mentor for Kouprianoff i fleire år fram mot sesongen 1960. Dei var på treningsleir i Chamonix, og i Vålådalen hjå Gøsta Olander i lange periodar hausten 1959. Dei låg også på treningsleir i Davos i vekesvis før VM vinteren 59-60. Så det var ingen utrena utøvar som kom til VM i Davos, slik mange hevda.

Sesongen 1961 prova Kouprianoff at innsatsen i Davos ikkje var eit blaff. Han gjekk godt på alle distansar i EM i Helsingfors, og samanlagt vart det ein tredjeplass. Han vann 1500 meter. Det var første gong i historia at det vart fransk distanseseier i eit skøytemesterskap. Plasseringane var: 6-8-1-4. Ved VM på den kunstfrosne Nya Ullevi i Gøteborg, vart det jamn god innsats, og ein fjerdeplass samanlagt.

Sesongen 1962 vart den siste på det vanlege gode nivået frå 60 og 61. Han var svært nær ved å verte europamester på Bislett under EM. Etter plasseringane 3-3-4-4, vart det sølvmedalje. Vinnar var den gamle slitaren Robert Merkulov, som gjekk inn til ein vel fortent gullmedalje, med ein margin på 5.4 sekund til Kouprianoff på 10000 meter. I VM i Moskva var forma på retur, han greidde berre ein 8. plass samanlagt.

Sesongane 63 og 64 var dårlege. Han deltok ikkje i ”skøyterevolusjonen”, og var akterutseila treningsmessig. Var med i OL i 64, men hamna langt ut i leksa. Så la han skøytene på hylla.
        
Olympische Winterspelen in Innsbruck. André Kouprianoff (Frankrijk) in actie op de 1500 meter.Ved europamesterskapet i Grenoble i 1973 dukka André Kouprianoff brått opp att. Men han greidde ikkje å hevde seg mellom dei fremste, og var langt unna plass på 10.000.

Neste gongen han var med internasjonalt var visstnok i OL i Albertville i 1992, då som startar i skøyteløp. Kanskje han framleis er i gang som startar i internasjonale mesterskap?. Men det er vel no snart berre ein gjeng med halvgamle nostalgikarar som har høyrt namnet André Kouprianoff ?

06.01.06
Halvard Haugen

Kouprianoffs personlige rekorder: 500m: 41,5 - 1000m: 1.27,0 - 1500m: 2.11,4 - 3000m: 4.45,9 - 5000m: 8.03,9 - 10.000m: 16.39,1 
André Kouprianoff på 1500m
under OL i Innsbruck i 1964.
(Bildet har vi linket opp fra websiden
til det nederlandske nasjonalarkivet)


Bildet er fra premieutdelingen for 500-meteren i EM i Oslo 4. februar 1962.

Fra venstre:Boris Stenin (Sovjetunionen sølv), Jevgenij Grishin (Sovjetunionen, gull),

André Kouprianoff (Frankrike, delt bronse) og Henk van der Grift (Nederland, delt bronse).
Bildet er linket opp fra websiden til
Sportgeschiedenis.nl
 Denne siden ble sist oppdatert 30/8-2009

 Del denne siden på Facebook:

 Klikk på logoen for å komme til hjemmesiden
Ta en tur innom og få skøyterabatt !
(Gjelder medlemmer i STSKs klubber)


Klikk på logoen for å komme til hjemmesiden

Klikk på logoen for å komme til hjemmesiden
700 m sør for Klettkryset

Istider aktive og publikum
Leangen kunstisbane

Nye kretsrekorder
ses. 2016/2017

(oppdat. 19.03..2017)

Kretsstatistikk
pr. 01.05.2016


STSKs Youtubekanal

 

Gjestebok

Diskusjonsforum
Du må være medlem på
hjemmesiden for å delta

Kontakt STSK

STSKs Facebookgruppe


STSKs NETTALBUM

Styret i STSK ses. 2018/2019

Adresser:
Sør-Trøndelag Skøytekrets
postboks. 4595, Persaunet
7470 Trondheim

Sør-Trøndelag skøytekrets` Lover

STSKs årsberetning
2016/2017
 med protokoll

 

Strategiplan for
Sør-Trøndelag skøytekrets
2012 - 2014


Viktige dokumenter
vedr. Hurtigløp
ses. 2017/2018


Istider for aktive og publikum
Leangen kunstisbane

Reg. Startlisenser i
STSK ses. 2010/2011

(pr. 05.01.11)

 STSK-løpernes
utvikling/statistikk
ses. 2011/2012

(oppdat.11.03.2012)

 

Støtt våre klubber gjennom


Antidoping Norge

 


Lei TSK-huset
til møter og selskaper

Gratis hjemmeside !

Strikkeoppskrift til"Djevlelua"

Skøytehistorier

Trøndere i NSFs styre
og
tingvalgte komiteer
1893-2011

Skøytetinget 2009

Klikk på logoen for gode overnattingstilbud
Klikk på logoen for gode overnattingstilbud

 

Trønderlista
20th Masters i Calgary

(oppdat.03.03.2011)

VM-hilsen
fra Geir Nesset

(26.02.2011)
 

Daglige rapporter
v/Arne Kjell, fra
Veteran-VM i Calgary

(oppdat.27.02.2011 kl. 15.00)

BØSK-løpernes reisebrev
fra
Veteran-VM i Calgary

(23.02.2011)

 

Informasjon om barneidrett fra NIF  - "Idrettens barnerettigheter" og "Bestemmelser om barneidrett".

Vikingskipet. - Informasjon om åpningstider, istider og priser.

Fosenhallen  - Informasjon om Norges 2. ishall / flerbrukshall.

Nordea kunstisbane  Kristiansund 

Skøytehåndboka- alle opplysninger vedr. hurtigløp og kunstløp.

Som medlem på STSKs hjemmeside kan du opprette din egen private hjemmeside GRATIS ! 

 

 

 Været i Trondheim

3V Vikings

Skøyter 15.46,6 

Nesodden skøyteradio
(Mandager fra kl. 22.10)

18th Masters` International
Allround Games 2009


Katarina
spesial

Hjemmesiden ble opprettet 16.06.06
webansv. Lars K. Brechan