Velkommen til Skånevik Bluesklubb sine heimesider

Skånevik Bluesklubb arbeider for å fremme bluesmusikken som kultur på lik linje med annan stoverein kultur.Klubben held til i Bluesbygda Skånevik.

19.02.12

Konsert på House of blues, 24.02.12 -
Konsertstart kl. 21.00 - Humming Beez
15 år, inngang kr. 200.-

Sjekk oss også ut på Facebook!!!



23.05.11

HUSK: DU FINN OSS OG PÅ FACEBOOK!

27.04.2011

Så var påska over og våren ser definitivt ut til å ha slått rot i den vakre bygda vår.
På vegne av styret, vi eg retta EI STOOOOOR TAKK til alle dokk som stilte opp på påskejam på Skånevik fjordhotel fredag og laurdag.

Med våren kommer og festivaltiden mot oss med stormskritt.
Det starter allerede til helga i Bergen med Bergen musikkfest. Det store trekkplasteret er definitivt Joe Bonamassa og det blir sikkert en kanonkonsert.

Vi har selvfølgelig startet nedtellingen til årets happening i Bluesbygda, nemlig Skånevik Bluesfestival. Arbeidet er i full gang med organiseringa, og som vanleg treng me frivillige.
OPPFORDRAR FOLK TIL Å MELDA SEG SOM VERTAR I TELTET FREDAGEN OG LØRDAGEN.
Bluesklubben har i år ansvaret fredagen, men me byttar internt så om det ikkje passar for deg eine dagen, ordnar me det så best me kan den andre.
Utan frivillige, stansar festivalnorge opp!!!!!!!!!

17.04.2011

LANGTIDSVARSEL FOR SKÅNEVIK.
I starten av veka kan me venta oss stort sett varierande vær med glimt av sol og enkelte mindre regnbyer.
Onsdag vil det komma ein blå vind frå aust, som aukar til full storm med orkan i kasta utover onsdag kveld. (i følge lokale værekspertar vil den tryggaste plassen ein kan opphalda seg denne kvelden innenhus på Skånevik fjordhotel. Her er det eit godt nødforråd av både mat og drikke medan vinden bles som verst)
Torsdag morgen ser ut til å verte ein solskinnsdag, sjølv om det kan sjå ut som det kan verte innslag av svært lokale tordenbyger.
Fredag og laurdag vil det igjen blåsa ein blå vind over bygda, med vindkast frå både nord, sør, aust og vest. Me oppfordar folk om å halda seg innandørs på hotellet der maten og drikka er sikra også desse dagane.
Resten av påskehelga ser det for det meste ut til at me skal få aukande temperaturar og strålande sol. Me ynskjer alle ei riktig god og blå påske.


10.04.2011

PÅSKEBLUES
Ber alle om å prikke inn onsdag 20.04.11 på kalendaren!
Då vert det kanonshow med Vetrhus Bluesband på Skånevik fjordhotel.
Dørene opnast kl. 21.00
Inngong kr. 300.- Medlemmar kr. 250.- (medlemskap kan tegnast i døra)
For dei som treng overnatting, ta kontakt med hotellet på tlf. 53770700 og få eit godt konserttilbod på mat og drikke. NB!... Oppgi "påskeblues" ved bestilling!



26.02.2011

Kjære bluesvenner!

I likhet med flere andre bluesklubber i vårt langstrakte land, har vi de siste 2 årene slitt kraftig i motvind.
For vår klubb sitt vedkommende skyldes dette en rekke faktorer som jeg ikke skal bruke tid på her, men det viktigeste er at vi nå tar oss selv i nakken og prøver å få klubben opp å gå igjen.
For å få til dette er vi avhengige av tilbakemeldinger, både fra medlemmer, tidligere medlemmer og andre.
HAR INTERESSA FOR BLUESEN FORSVUNNET?
Håper flest mulig møter på årsmøte 25. mars kl. 19.00 slik at vi kan få masse innspill til aktiviteter og videre drift!!!!!
DETTE ER VIKTIG OM VI FORTSATT SKAL HA EN AKTIV KLUBB!!!!!!!

Mvh
Finn

02.01.11

Kjære bluesvenner!

Først av alt, EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR!!

Etter eit år der klubben av ymse grunnar har lagt i dvale, vil vi no i 2011, komma oss "på beina" igjen.
Følg med!





16.07.09
Årets happening for oss i klubben, Skånevik bluesfestival, den 13.ande i rekka, er no historie.
Fantastiske dagar med fantastisk musikk. Berre synd det er eit år til neste gang.
ME I STYRET VIL TAKKA ALLE SOM STILTE OPP SOM VAKTER FREDAG KVELD I TELTET. DOKEN GJORDE EIN UVURDERLIG JOBB! TUSEN TAKK.


17.03.03
Så var årsmøte i klubben avholdt, beklageligvis utan at for mange tok turen.
Forutanom dei vanlege årsmøtesakene, var der oppe to saker.
Redusering av personar i styret, og endring av arrangementstad for klubben.
1. Redusering av personar i styret;
Styret i klubben har dei siste åra bestått av 7 personar + ungdomskontakt.
det vert vansklegare og vansklegare å få nye inn i styret, og forslaget om ein reduksjon av antall
styremedlemmer til 6 vart vedtatt.
Det nye styret er;

* Finn-Ove Solberg, leiar
* Jan Ulrik Langhelle, nestleiar
* Marit Solheim, kasserar
* Patrik Egberg, styremedlem
* Odd Arne Løyning, Styremedlem
* Torbjørn Åsheim, Styremedlem

2. Fast spelestad.
Det vart på årsmøte for 2007, vedtatt at alle klubben sine konsertar skulle avholdast på House of
Blues. Dette har lagt litt begrensingar på arrangementa og identiteten til klubben. Det vart vedtatt
at Skånevik Bluesklubb skal ha sine arrangement der det til ei var tid er best for klubben.





20.02.09

MINNER ALLE MEDLEMMAR OM ÅRSMØTE, 28.02 L. 19.00 I LOKALET.
ETTER ÅRSMØTE ER DET ONSERT PÅ HOUSE OF BLUES MED ERIC "SLIM" & THE SOUTH WEST SWINGERS.
MINNER OG PÅ AT SAKER TIL ÅRSMØTE, MÅ VÆRE STYRET I HENDE INNAN ONSDAG 25.02

10.01.09

Så var me ferdige med jul og nyttårsfeiring, og har hatt nokre rolege dagar til å få tatt oss inn igjen.
Me startar og sjå framover mot lysare dagar, og er klare for første arrangement i 2009.
Laurdag 24.01.09 Samarbeidar me med Skånevik fjordhotel og arrangerer god gammaldags
SOLFEST. Det vert servering av "solskinnsmat" frå kl. 20.30 til 21.30.
Deretter vert det full rulle med tribute bandet "Strait Ahead". Dette er ett band frå Stavangerområdet, med eit lokalt medlem. Svein Kjetil Løhaugen er mannen som behandlar tangentane i bandet, som har spesialisert seg på musikken til Dire Straits. På bandets heimeside straitahead.com kan du lesa meir om dei og høyra dei. Dette lovar bra.
Me håpar flest mogleg tek turen til hotellet denne kvelden, slik at me kan få tilbake godstemninga.
Inngang kr. 200 pr.pers. (mat inkl.) VELKOMNE!



22.12.08
Så var konserten med Woodleg Odd over, og synd er det.
Gutta gjorde en kjempejobb, og er vel med det beste vi har hatt på besøk de senere årene.
Vi satser på at vi får et gjensyn med bandet til sommeren!
STYRET VIL ELLERS BENYTTE ANLEDNINGEN TIL Å ØNSKE ALLE MEDLEMMER OG ALLE VÅRE BLUESVENNER EN RIKTIG GOD JULEHØGTID!
Vi jobber for at det nye året skal bringe en adskillig høgere aktivitet enn det gamle, og vi drar i gang det hele den 24.januar med konsert. Mer info vil følge, men sett av datoen for dette blir bra.
Vil som vanlig og oppfordre til å gi oss tilbakemeldinger på aktiviteter vi kan satse på i det nye året.
Send oss en melding!



20.12.08 arrangerer klubben "Magisk aften" i samarbeid med Skånevik Fjordhotell.
Me oppfordrar alle om å ta turen denna kvelden, for dette vert kanonbra!
Det magiske innhaldet står Torgrim "The magician" Holte for.
Han er og gjestevokalist i WOODLEG ODD!
Hottest, hipest, most mindblowing bluesband in years!
Sjekk ut www.woodlegodd.com
Håpar og at det kan finnast en 2-3 stykker av doken som kan tenka seg og ta i eit tak denne kvelden, slik at styret for ein gongs skyld kan få ta seg ein frikveld og berre nyte musikken.
treng 3 stykker, som har ansvar for bilettsal, litt rydding og halde eit auge med døra..........
Dersom dette kan høyres ut som noko for deg, Ta kontakt med Finn, på tlf. 915 69 872

16.10.08
ME BEKLAGAR!
KLIMPREKVELDEN SOM ER SETT OPP FREDAG 17.10, VERT UTSETT TIL FREDAG 24.10. HÅPAR MANGE TEK TUREN DÅ!


30.08.08
Etter en lang sommerferie med festivaler og konserter over det ganske land, er det på tide å komme igang igjen her heime også.
Hausten nærmar seg med stormskritt, og me drar i gong med det første arrangementet laurdag 13.09.08 på House of Blues.
Me har saman med House of lues, henta stortalentet Krissy Matthews, som stiller med fult band. Krissy såg me første gongen på scena for 4 år sidan. Han vart då dradd fram av ingen ringare enn Jon Mayall og var då 12 år gammal. Her garanterar me trøkk og me håpar folk kjenner si besøkelsestid.
Ellers vil me prøva og komma igong med medlemskveldane snarast, og me vil og prøva og samla dei som sit i kjellar og på loft og klimprar på gitar til ei felles klimpring, der me kan læra litt av kvarandre ein gong i månaden.
Bilbingoen startar me opp med i oktober.
OPPFORDRAR MEDLEMMANE (OG ANDRE) TIL Å KOMMA MED INNSPEL PÅ AKTIVITETAR PÅ KLUBBKVELDANE!


10.07.08

Så er Skånevik Bluesfestival over for denne gang. Ei fantastisk helg med kanonvær, topp musikk og ikkje minst rundt 15000 besøkande i Skånevik.
Me vil retta ein stor takk til alle våre medlemmar som gjorde ein flott innsats under festivalen. Utan diken ville det vorte svært vanskelegt og gjennomføra denne.
Me arbeider no med programmet for hausten, noko me vil komma tilbake med når det er klart.
Ønsker alle saman ein riktig god sommar!


05.06.08
Sommaren er her, og me får håpa den ikkje vert like kort som i fjor.
Arbeidet med vakter til Skånevik Bluesfestival er i full gong, og me oppfordrar alle medlemmar om å ta i eit tak på laurdagen.
Om du vil være vakt eller jobba i baren, ta kontakt!
Kjenner du nokon som kan tenka seg å jobba ein eller fleire kveldar, ta kontakt.
Dette er ei svært viktig inntektskilde til klubben!

19.05.08
SÅ ER DET KUN FÅ DAGER IGJEN TIL KANONKONSERTEN!
REV JOHN BLUESBAND ER KLARE PÅ HOUSE OF BLUES, LAURDAG 24.05.
ME KJØRER PÅ FRÅ KL. 21.00, MED KONSERTSTART CA. 22.00
HÅPAR FLEST MOGLEG MØTER SLIK AT ME KAN FÅ SKIKKELEG TRØKK I LOKALET.


28.04.08

SETT AV LAURDAG 24.05.08!
Då får me besøk av REV. JOHN BLUESBAND med Trond Ytterbø.
Konserten vert på House of Blues.
Meir info kjem


17.04.08
HUSK BIL-BINGO, SØNDAG 20.04.08 KL 16.30 VED KLUBBHUSET.
FYLL OPP BILEN OG TA TUREN. HER VERT DET SPENNING OG MORO FOR HEILE FAMILIEN!



31.03.08

HUSK KONSERTEN MED MEMO GONZALEZ PÅ HOTELLET TORSDAG!


27.03.08
HUSK BIL-BINGO, SØNDAG KL 16.30 VED KLUBBHUSET.
FYLL OPP BILEN OG TA TUREN. HER VERT DET SPENNING OG MORO FOR HEILE FAMILIEN!

KONSERTEN MED MEMO GONZALEZ, TORSDAG 03.04.08 VERT PÅ SKÅNEVIK FJORDHOTELL.
DØRENE OPNAR KL. 20.00
BILLETT KR. 100.-
MØT FRAM TIL EIN TOPP MUSIKALSK OPPLEVELSE!



MINNER OG OM ÅRSMØTE I KLUBBLOKALET KL. 18.00 I MÅRO



13.03.08
Torsdag 03.04 er ein kveld der du allereie no må sette kryss i kalendaren din.
Då arrangerar me konsert med MEMO GONZALEZ. US/G
Dette vert eit nytt møte med ein topp internasjonal artist i bygda vår.
Sjekk ut Memos musikk på www.youtube.com eller på hans offisielle webside, www.memogonzalez.com
Me kjem attende med spelestad.


08.03.08
Me oppfordrar alle medlemmar til å registrera seg på klubben sine sider. Dette vil forenkle informasjonsflyten betraktelegt!
Minner og på konserten med "NEW ZEPPELIN" på House of Blues, i kveld.

07.03.08
JEFF HEALEY har gått bort!
Jeff Healey tapte kampen mot kreften søndag 2. mars. Den blinde Canadieren som spilte gitar på sin spesielle måte døde 41 år gammel.
Mange av oss har opplevd han på scenen under Notodden Bluesfestival, og han har gitt oss gode minner! Vi minnes Jeff Healey med konsertopptak på årsmøtefesten. RIP

06.03.08

PÅ GRUNN AV UFORUTSETTE HENDINGAR, SER ME OSS NØDT TIL Å UTSETJA ÅRSMØTET, SOM SKO HA VORE PÅ LAURDAG, TIL LAURDAG 29.03.08.
ME BEKLAGAR DET INNTRUFFNE.
LAURDAGENS KONSERT MED "NEW ZEPPELIN" PÅ HOUSE OF BLUES, GÅR SOM ANNONSERT. HÅPAR FLEST MOGLEG MØTER OPP



19.02.08

SØNDAG 02.03.08, KL. 17.00 KAN DU VERTE MED PÅ NOKO HEILT NYTT I VÅRT DISTRIKT. DÅ DRAR SKÅNEVIK BLUESKLUBB I GONG BILBINGO, ELLER DRIVE IN BINGO SOM DET OG VERT KALLA.
FYLL OPP BILEN OG TA TUREN TIL PARKERINGSPLASSEN UTANFOR KLUBBLOKALET. ( EIN BØR MØTA LITT FØR)
PRIS PR. BRETT VERT KR. 40.-
PREMIERING; HJØRNA KR. 100.-, FULLT BRETT KR. 500.-
OPPFORDRAR ALLE TIL Å STILLA OG TA DEL I SPENNINGA!



04.02.08

Minner om årsmøte i klubben, laurdag 08.03.08
Saker til behandling må vere styret i ende innan 01.03.08.

23.12.07
Kjære medlemmar!
Mange av doken har sikkert venta i spenning på kva band som skulle ha "bluesa" oss i romjula. Styret har etter mykje grubling kome fram til at me i år ikkje arrangerer romjulsblues.
Hovudgrunnen til dette er at me dessverre ikkje har klart å få tak i dei banda me ønskte oss til dette arrangementet. Først fekk me avslag frå Vetrhus, deretter Trond Ytterbø, og tilslutt Big Man.
Ein annan grunn er antalet arrangement som er rundt oss i Skånevik i romjula. Me er så heldige at me har 3 ulike utestader i bygda vår, og alle kjøyrer arrangement med bl.a. live musikk i romjula. Me trur difor at om me på toppen av desse skulle arrangert noko, måtte me hatt eit namn som gjekk dei andre arrangørane ein høg gang. Å booke band i romjula er eit av dei dyraste prosjekta me har i løpet av året. Difor tek me i år ikkje sjansen på å stå for noko som kunne ført til eit dundrande underskot. Me har i staden valgt å kjøre arrangement i januar/februar/mars, med prioritet på klubbkveldane.
Me håpar at doken har forståelse for avgjera (som var tung å ta).
Me oppfordrar alle medlemmar til å ta turen til House of Blues, 2. Juledag og høyra på Hereide & the bluesgangsters.
Første klubbkveld i lokalet i 2008 vil verte 26 januar, og me vil då ha band på scena. Håpar at alle tek turen denne dagen.
Me vil og i løpet av januar, starta årets Quiz konkurranse.
her vert det høve for 4 manns/kvinne/mix lag å melda seg på.
Konkurransen går ein gong pr. mnd, og samanlagtvinnarane etter 5 gongar, vinn eit reisegavekort. Me kjem tilbake med meir info om konkurransen snart.
ME VIL ØNSKE ALLE MEDLEMMAR, KJENTE I BLUESNORGE OG ALLE ANDRE VENNER, EI RIKTIG GOD JUL OG EIT BLUESA NYTTÅR!


18.10.07
Medlemskveld i lokalet med live musikk.
Styret har vedtatt at i staden for masse større arrangement i bygda vår, vil me no prioritera klubbkveldane våre og på den måten gi medlemmane våre eit særskilt tilbod. Me tek sikte på å få inn live musikk på alle klubbkveldar, slik at me igjen kan samlast på lokalet. Etter fleire førespurnadar, har me og vedtatt og flytta medlemskveldane våre til fredagane.
Første medlemskveld vert 26.10.07 og me har booka SIR JOHN & BARON TORESEN til og spela. Me tillet oss og ta ein covercharge på kr. 100 pr. pers, slik at me kan få deka noko av bandutgiftene.
ME OPPFORDRAR ALLE VÅRE MEDLEMMAR, NYE SOM GAMLE OG TA TUREN.

24.09.07
Det vert sett opp buss til Kopervik, i samband med oktoberrock på Karmøy, 06.10.07. Påmelding til Finn på tlf. 915 69 872, innan 03.10.07.
Sjekk ut programmet på; www.oktoberrock.no

22.08.07
6 OKTOBER SKJER DET I KOPERVIK.
KONSERT MED BETH HARTE.
Dersom der er interesse for det, organiserer me tur til oktoberrock!
Ta kontakt snarest!

07.08.07
Ja, ja folkens. Så er det meste av ferie over og det er på med striskjorta og havrelefsa igjen. Me reknar med å komma i gong med klubbkveldar snarast, og første dato er laurdag 01.09.07. Plakatar vil komma.
ME VIL GJERNE HA INNSPEL PÅ KVA AKTIVITETAR ME SKAL HA PÅ KLUBBKVELDANE!!!!!!!!

Også i år har det vore ein god kontigent frå klubben på Notodden.
Me var litt færre enn tidlegare, men har likavel syntes godt igjen i gatebildet.


19.07.07
Så er årets festival over og vi har fått det heile på litt avstand.
Me kan vel sei at årets festival har vore ein knallsuksess, både musikalsk og arrangementmessigt. Styret vil rette STOR TAKK til alle dei som arbeidde frivilligt under festivalen. Doken gjorde ein kjempejobb!!!!!
Neste arrangement no er Skåneviksfrukosten, førstkommande laurdag, dersom værgudane spelar på lag med oss. Håpar at mange tek turen og at det vert ei koseleg stund i doktorhagen i år også.

28.06.07
ME MANGLAR FRAMLEIS NOKRE VAKTER TIL FESTIVALEN OG OPPFORDRAR MEDLEMMAR (OG ANDRE) OM Å MELDA SEG.


23.05.07
Heisann alle Bluesvenner!
No kjem sommaren med festivalar i hytt og pine gyselegt fort.
Den første festivalen som nærmar seg med stormskritt, er "vår eigen", nemleg Skånevik Bluesfestival.
I den forbindelsen håpar me at flest mogleg melder seg som vakter ein av kveldane på festivalen. Skånevik Bluesklubb har i år ansvaret for vakter til fredagen.
ME HÅPAR AT FLEST MOGLEG MELDER SEG SNARAST, SLIK AT ME KLARAR OG OPPFYLLA FORPLIKTELSEN VÅR. DET GJELD GODE INNTEKTER TIL KLUBBEN.

MINNER OM KLUBBKVELD I LOKALET LAURDAG 28.04.07 FRÅ KL. 21.00

06.04.07
Så var påskebluesen avvikla for denne gang.
Me i styret var spente på om folket ville ta turen til hallen denne gangen, sidan det den seinare tida har vore laber innteresse for dei fleste av arrangementa i bygda vår. Heldigvis var bekymringane grunnlause! Ca. 120 betalande og topp stemning, gav oss ei vitamininnsprøyting til å fortsetta arbeidet. Årets store happening nærmar seg og me har starta arbeidet med å skaffa vakter til Skånevik bluesfestival. Programmet er som vanleg topp og me reknar med ny publikumsrekord i år. Klubben har i år fredagen som sin ansvarskveld. ME OPPFORDRAR MEDLEMMANE VÅRE ALLEREIE NO TIL Å MELDA SEG TIL VAKTTENESTE.

31.03.07
Onsdag 04.04.07 braker det laus i hallen. Endeleg er Hard Bargain på plass.
Me håpar på fullt hus og stormande jubel når dette kanonbandet besøker oss.

Lørdag 17.02.07
HEISANN FOLKENS!
I INNKALLINGA TIL ÅRSMØTE FOR 2006, HAR DET LURT SEG INN EIT PAR VESENTLEGE TRYKKFEIL. FØRST DAG FOR ÅRSMØTE, DET SKAL VERE FREDAG 02.03.07, IKKJE LAURDAG 03.03.07. DERETTER ER KONTIGENTEN FOR ENKELTMEDLEM FEIL. DENNE ER KR. 300.- IKKJE 350.-
NYTT SKRIV VIL BLI SENDT UT TIL ALE MEDLEMMAR I LØPET AV DEI NÆRASTE DAGANE.

Onsdag 09.01.07.
Halloen alle saman og eit riktig godt nyttår til alle våre bluesvener.
Romjulsbluesen med Hungry John var ein topp musikalsk opplevelse for dei som var tilstades. Me sko ønskt at fleire hadde tatt turen, men det kjem snart nye sjansar.
Har vore utan nett sidan romjula, men er no oppe og går, slik at me kan starta og oppdatere sidene våre. Følg med!

ONSDAG 27.12.06, BRAKAR DET LAUST I SKÅNEVIK IDRETTSHALL.
EIN AV NESTORANE INNAN NORSK BLUES, HUNGRY JOHN ER PÅ PLASS, OG KLAR TIL EIN TOPP ROMJULSKONSERT.
ME HÅPAR AT FLEST MOGLEG AV DOKEN LEGG TUREN TIL HALLEN DENNE KVELDEN. DØRENE OPNAR 21.00. BILLETT KR. 150.-
HER VERT DET TOPP STEMNING, OG KVEN VEIT. KANSKJE VERT DER EN OVERRASKELSE! MØT OPP OG NYT.


HALLO, HALLO!
Skånevik Blueskor er no etablert, med faste øvingar kvar søndag kl. 19.00 i blueshuset.
Mottoet for koret er enkelt; jo meire lått og løye, jo betre syng me!
Me er ein gjeng på mellom 16 og 20 stykker som no møtast fast, men;
KOR E MANNFOLKA I BYGDA VÅR????
4-5 hanar i denna flokken med høner er for lite. Me treng avlastning så her e det berre og møta opp. Neste øving er søndag 3 desember kl. 19.00


Heisann folkens!
No har "Husbandet" vårt, Hereide and the Bluesgangsters endeleg fått si eiga heimeside. Dei legg ut info om gruppa fortløpande, og tek imot meldingar i gjesteboka si. Sjekk ut http://www.bluesgangsters.no


Etablering av Skånevik Blueskor.
Etter forespurnad frå Prosjektet Bluesbygda Skånevik, har styret tatt initiativet til og etablere Skånevik Blueskor.Koret har hadde stiftingsmøte, onsdag 8.11.06 og den første øvinga søndag 12.11.06.
Koret er opent for alle som likar og synge, enten i dusjen eller i skogen. Ta med den stemma du har og møt i klubbhuset søndagar frå 19.00 til 20.30

NB! NB! NB!
I SAMBAND MED HAUSTBLUESEN 07.10.06, HAR DET DUKKA OPP EIT PROBLEM SOM ME DESSVERRE IKKJE HAR KONTROLL OVER. HARD BARGAIN BAND SOM VI I UTGANGSPUNKTET HADDE BOOKA, ER DEN SAME HELGA PÅMELDT I "KJEMPESJANGSEN" SOM NRK ARRANGERAR. DETTE HAR FØRT TIL AT DEI IKKJE KAN SEIE SIKKERT OM DEI KAN STILLE. EI SLIK USIKKERHEIT KAN IKKJE ME SJANGSE PÅ SÅ ME HAR ISTADEN BOOKA HARD LUCK BLUESBAND.
ME REKNAR DESSE KARANE SOM EIT SVÆRT GODT ALTERNATIV OG REKNAR MED DET VERT FULLT TRØKK FRÅ START AV.

Heisann Folkens!
Haustbluesen nærmar seg med stormskritt og me får besøk av fjorårsvinnarane av Union Bluescup, Hard Bargain Bluesband.
Bandet har fått kanonkritikkar rundtomkring der dei har spelt og, det er ikkje ofte eit unionsband har fått så mange spelejobbar. Møt Opp til ein topp aften i hallen laurdag 07.10.06

ATTENTION!!!!!!
Laurdag 09.09.06, sparkast prosjektet Skånevik som bluesbygd i gang på Skånevik Fjordhotell, kl. 18.00.
Me oppfordrar alle medlemmar som har moglegheit om å stilla opp på hotellet denne kvelden. Der vert eit allsidigt program, som toppast med konsert.
På scena varmar Hereide & the bluesgangsters opp for Frogner tennisklubb!
Dei som fekk med seg Tommy (ja, det er Tommy frå Tomy and the runaway boys) og gutta på House of blues under festivalen i år veit kva som kjem. Doken andre har og gle doken til. Meir info finn doken på nettsidene til Hotellet.

**************************************

En av årets happeninger nemlig Notodden Bluesfestival er over og det var ein rekordstor kontigent som tok turen over fjellet. Nærmare 40 stykker frå Skånevik sette tydelege spor etter seg. Som kjent hadde me eget band med i konkurransa Union Bluesband i år. Hereide and the Bluesgangsters gjorde ein kjempejobb i kvalifiseringa men det heldt ikkje til ein plass i finala. Når me ser på kva band som gjekk vidare, og høyrer på tilbakemeldingane frå publikum, er me noko undrande til korleis desse vart tatt ut.
Temperaturen på Notodden i år var mest i varmaste laget. Heile helga har det vore rundt 30 grader. Dette la ikkje nokon dempar på gjengen og der var stor stemning i campen frå frukost til frukost. Håpar at endå fleire tek turen neste år. Bilder frå årets festival vil verte lagt ut som små drypp utetter hausten.
Om noko vil ha kopiar av bileta som me legg ut, er det berre å ta kontakt.

********************************

Då e sommaren på hell, men me håpar sjølvsagt på ein flott haust.
Skånevikfrukosten gikk av stabelen og der var ny rekord i år igjen. 250 stk. fant vegen til Doktorhagen.
Samarbeidsarrangementet Skånevik Fjordresidens, vart og ein suksess med ca. 150 inne på bryggedansen/konserten.
Som vanleg er der ein heil kontigent av oss, som reiser til Notodden Bluesfestival no i helga. Ved sist opptelling var der 35 stk., dei fleste medlemmar. Kontigenten veks kvart år så for den som ikkje har muligheit i år, start planlegginga til neste år.
Spesielt dette året vert det at klubben sitt "husband", Hereide & the Bluesgangsters, skal delta i Union Bluescup. Me som er "over there" skal gjere vårt ypparste for at dei skal komma til finalen. (Kvallik på fredag, 10 band, 4 vidare til finale laurdag) Me kryssar fingrane.
Me satsar på å komma igong med faste klubbkveldar snarast, og den første vert laurdag 26 august. Om me er svært så heldige, vert det då konsert med årets vinnar av union bluescup, nemleg Hereide and the Bluesgangsters.
Me vil og komma igong med gitarkurs snarast, men dette er avhengig av doken. Den som har innteresse, gi tilbakemelding snarast.
Er der ellers ting Doken som medlemmar vil ha av aktivitetar, gi beskjed.
Me har bestilt Union bluesband 2005 til haustarrangementet, og kjem tilbake med meir info. litt seinare.
Ellers vil bileta stadig verte skifta ut, så følg med. (er der nokon som har bra bilder dei vil ha lagt ut, er det berre å maile dei over.)
Keep the Blues alive!

******************************

ME MINNER OM DEN TRADISJONELLE SKÅNEVIKSFRUKOSTEN, LAURDAG 22.07. KL. 10.00 I DOKTORHAGEN. TA MED FAMILIE OG VENNAR TIL EIN GOD START PÅ DAGEN.
HUSK OG PÅ UTEKONSERT/BRYGGEDANS PÅ SKÅNEVIK FJORDRESIDENS OM KVELDEN. MUSIKK VED KVIIN, NØDBLUES OG HEREIDE AND THE BLUESGANGSTERS. PORTANE OPNAR KL. 21.00

*********************************

Årets Bluesfestival er over og me kan sjå tilbake på ei fantastisk helg med utruleg bra artistar og ei tilstrøyming av folk frå fjern og nær utan sidestykke.
SKÅNEVIK BLUESKLUBB VIL TAKKA ALLE SOM HAR ARBEIDD DUGNAD FOR KLUBBEN I LØPET AV HELGA. UTAN DOKEN HADDE DET IKKJE VORE MULIGT OG FÅ DET TIL. TUSEN TAKK!
Tiltross for at me framleis jobbar med å ta oss inn igjen er neste arrangement allereie under planlegging. Laurdag 22.07, kl. 10.00 vert den tradisjonelle Skånevikfrukosten arrangert i doktorhagen. Same kveld vert det utearrangement på Skånevik fjordresidens med tre band på scena.
Hereide and the Bluesgangsters vil presentera kva dei reiser til Notodden med. I tillegg vil Nødblues og Kviin spela. Me håpar mange vil møta opp for ein koseleg kveld i Skånevik.

*****************************

NO ER DET BERRE TRE DAGAR TIL DET BRAKAR LAUST.
FINVERET ER BESTILLT OG ME SATSAR PÅ REKORDFRAMMØTE FRÅ BLUESFOLKET TIL EIN AV ÅRETS STØRSTE HAPPENINGAR.
SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL.
ME ER FRAMLEIS PÅ JAKT ETTER FOLK SOM KAN TENKA SEG OG JOBBA SOM FRIVILLIG EIN AV KVELDANE. TA KONTAKT PÅ TLF. 915 69 872 (FINN) ELLER PÅ TLF 916 70 637 (MARIT)

************************

Heisann alle saman!
Sommaren er her og med den kjem også festivaltida!
Skånevik bluesklubb har eindel oppdrag under Skånevik Bluesfestival og dersom det er nokon av doken som har lyst å arbeide under festivalen, ta kontakt.
SISTE NYTT;
Hereide and the Bluesgangsters spelte for ein månad sidan inn ein demo i klubblokalet. Kopi av demoen vart sendt til Notodden for vurdering til Union Bluescup 2006. I dag kom tilbakemeldinga frå juryen;
BANDET ER ANTATT, OG SKAL SAMAN MED NI ANDRE BAND KJEMPA OM Å VERTE UNION BLUESCUPBAND 2006. For oss som skal til Notodden, vert ein viktig jobb å heia bandet fram, og me oppfordrar flest mogleg som ikkje har bestemt seg for ferietur enda om å legga denne til Notodden 4-5 og 6 august.

Kart: Skånevik Bluesklubb sitt klubblokale  

Bilde

Bilder

stor stemmning på acoustic scene under Notodden Bluesfestival 2007

 Del denne siden på Facebook: