" DIVERSE OPPLYSNINGER"

Bankkonto for Gutta på tur 3520.57.86633

MØTEPLASS ER BAK "KIWI" (PÅ GRUSEN DER) TORSDAGER KL 0900

NB,!!! styret har på styremøte den 21.10.13 besluttet å heve satsene for kjøring med privatbiler. kilometertaks er hevet med 100% til kr.2,-pr.km og satsene innen Stord kommune er økt til kr.25,- og til Fitjar er satsen kr.40,- pr.person.
ORIENTERING Terreng: Lett (L): Små kuperte stiar, skogsveg, evt. litt asfaltert veg Middels(M): Kupert terreng, små parti med bratt sti, smale stiar med vegetasjon Tung(T): Større høgdeforskjell, sti i steintrapper e.l., enkelte bratte parti Merknad: Turleiar skal ved start peika ut «bakmann» for turen. Ved spesielle vær forhold eller andre grunnar, vil det verta aktuelt med alternativ tur. Dei som deltar på alternativ tur må informere referent. Hugs: Sverre tek mot kontingenten, kr. 200,- for semesteret. Kontant betaling eller ved Giro – bankkonto 3520 57 86633.  Hugs namn på avsendar på giroen.

ÅRSMØTE 2013

GUTTA PÅ TUR
REFERAT FRÅ ÅRSMØTET DEN 6. JUNI 2013

Stad: Hytta til Bredo Larsen på Skjørshaugen i Fusa.
Til stades: 15 personar

Me var framme ved hytta til Bredo litt før kl. 11.30. Bredo stod i døra og ønskte oss velkommen.
Etter ei god matstund, drog me ut på fin tur i nærområdet – ved stranda og naustet til Bredo.

Tilbake i hytta vart årsmøtet sett – klokkeslett ikkje notert, men truleg kring kl. 14.00

Årsmøtet:
1.Opning.
Sverre Vinje ønskte velkomen. Han hadde kopiert opp årsmøtepapira til alle, og leverte deretter ut desse.

2.Val av ordstyrar og referent var samrøystes = 15 røyster
- Ordstyrar: Oddbjørn Kvålsvold
- Referent: Bjarte Gunnarson

3.Årsmelding:
Sverre las opp årsmeldinga. Det var ein liten merknad med GPT Bremnes (ikkje Bømlo), dette ville Sverre ordna opp.
Årsmeldinga vart deretter samrøystes godkjent = 15 røyster.

4. Årsrekneskap hausten 2012 - våren 2013.
Sverre orienterte om rekneskapen som balanserte med kr 11 817,00, og eit overskot på kr. 655,60. Beholdninga frå før var kr. 1484,70, tilsaman kr. 2140,30.
Rekneskapen synte at styret, og spesielt sekretæren ikkje hadde teke seg betalt for kopiering, kjøring m.m. Årsmøtet samla seg om at desse utgiftene måtte dekkast av kassen.
Rekneskapen vart samrøystes godkjent = 15 røyster med merknaden ovanfor.

5.Budsjett neste år, haust 2013 – vår 2014.
Under handsaminga av budsjettforslaget, vart det samrøystes vedteke = 15 røyster, å auka kontingenten frå 150 kr til 200 kr pr. semester. Sverre justerer dette.
Deretter vart budsjettforslaget med merknaden ovanfor, og med dekning av utgifer for styret
samrøystes vedteke = 15 røyster.

6.Utmerkingar.
Sverre orienterte om retningslinene for utlevering av pins, GUTTA PÅ TUR-huer og blomehelsingar til større dagar – alt som hadde vore siste året.

7.Valg:
Følgjande styremedlemer står eitt år til: Anton Kåre Bærøy og Jacob Thormodsæter.
Nyvalde styremedlemer for 2 år: Sverre Vinje og Kristoffer Lien.
Styret konstituerer seg sjølv.

Varamedlem: Johannes Belsvik – står eitt år til
Ny varamedlem for 2 år:Anders Grov

Revisor: Attval av Nils Haukanes.
Alle val var samrøystes = 15 røyster

Møtet slutt etter ca. 1 time.


Bjarte Gunnarson, referent.
 Denne siden ble sist oppdatert 23/10-2013

 Del denne siden på Facebook: