Møtereferat 27. januar 2014

Foto: Håkon Bøygaard

RUSINFO FRÅ GOL ROTARYKLUBB 10 ÅR

For 10 år sidan byrja Gol Rotaryklubb med distribusjon av Rusinfo til foreldre/føresette ved skulane på Gol og i Hemsedal. Den har vorte delt ut i samband med foreldresamlingar på skulen til 7. og 9.klassingar. På desse samlingane har organisasjonen MOT og politiet og vore til stade og informert om dei utfordringane ungdommen møter på i dag og korleis dei vaksne skal forhalde seg til dette. Den vesle gule foldaren lever i beste velgåande i dag, og er no spreidd over heile landet via Rotary-systemet. I tillegg til skulane, får ungdoms/idrettsorganisasjonar og vaktpersonell Rusinfo, som eit ledd i det førebyggande arbeidet mot rusmisbruk. 

Ideen vart i si tid adoptert frå Sverige av Modum Rotaryklubb, som sidan har vore distributøren av Rusinfo til dei einskilde klubbane.

Klubbane kjøper den inn med god støtte frå det lokale næringslivet.

Infoen har detaljert forklaring på symptom og kva ein skal sjå etter om ein er usikker på om sonen eller dottera eller skuleeleven er påverka av rus eller dopingmiddel.

I jubileumsåret er Rusinfo fornya med info om dopingmiddel, som eit resultat av at doping vart kriminalisert i 2013, og er eit aukande problem hjå ungdom.

I samband med jubileet, har Gol Rotaryklubb hatt besøk av SLT-koordinatoren for Hallingdal, Ole Reidar Lågrinn og politibetjent ved Gol og Hemsedal Lensmannskontor, Bård Ambjørndalen .

Ambjørndalen har nov ore i dalen i 3 år med ansvar for etterretning og å avdekke, etterforske og førebygge narkokriminalitet i Hallingdal og Nore og Uvdal.

I 2013 vart heile 195 saker lagt inn for rettssystemet i dette området.

Dei meiner no at dei har god oversikt over brukar og omsetningsmiljøet.

Klubben vår fekk eit tankevekkande innlegg, og det er trygt å tenkje på at foreldre/føresette og ikkje minst ungdomen sjølv får god informasjon i skulen om rusproblematikken .

Ufarleggjering av rusmiddel er ei utfordring i seg sjølv.

For dei av oss som var unge under «Hippietida» kan det vera freistande å påstå at f.eks. Hasj er  eit mindre farleg rusmiddel enn mange andre stoff, fordi det vart testa ut den gongen.

Det dei fleste ikkje er klar over, er at den gongen hadde til dømes Hasj ein styrke på 1-2%. I dag er styrken 20%.

Og, som Ambjørndalen poengterer, «Nesten alt rusmisbruk startar med inntak av alkohol»

Lågrinn, som har som oppgåve å samordne og i vareta det kriminalforebyggande arbeidet i Hallingdal, understreka og kor viktig det førebyggande arbeidet er. Og det er billegast. Samfunnsrekneskapet som kjem som fylgje av rusmisbruk er skremmande høgt. Lidinga hjå rusmisbrukar og ikkje minst hjå familie og miljøet rundt er tung.

Ungdommane våre treffer på stadig nye utfordringar. I bestrebelsen etter å verta  «perfekt», har doping kome på marknaden for fullt.

Kommunikasjon går i dag føre seg via nettet. Det er mykje lettare å mobbe der enn å stå andlet til andlet med »offeret» i skulegarden eller på skulevegen.

Syntetiske cannabioider blir no markedsført mot ungdom via nettet. Desse stoffa har ikkje kome på narkolista, og kan kjøpast på nettet av alle over 16 år. Ingen veit kva stoffet inneheld og kva det gjer med kroppen vår. Garva heroinmisbrukarar omtalar desse syntetiske stoffa som farlegare enn heroin.

Appellen frå Lågrinn til vaksenpersonar er:

- Vær gode førebilete

- Bry dykk om det som skjer rundt ungdommen. Alt for mange rek rundt.

- Bruk nettverket til å bistå med å passe på kvarandre sine søner/døtrer.

- Null toleranse mot narkotika er viktig.

ME MÅ HJELPE UNGDOMMANE SLIK AT DEI VEL RETT!   

 

Randi Skredegård
Referent


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse

FAKTA OM ROTARY

Globalt finnes det i dag over 34000 klubber med 1.2 mill medlemmer i mer enn 200 land og regioner. Norge har for tiden  324 klubber med vel 12500 medlemmer. På verdensbasis er Rotary inndelt i mer enn 500 distrikter, hvor hvert av disse igjen består av 30 til 60 klubber. Norge er i dag oppdelt i 6 distrikter. 
H.M. Kong Harald er æresguvernør for de norske rotarydistrikter og Paul Harris Fellow.
 

4-SPØRSMÅLSPRØVEN

Om saker vi tenker, sier og gjør: 

1. Er det sannhet? 
2. Er det rettferdig overfor alle det angår? 
3. Vil det skape forståelse og bedre vennskap? 
4. Vil det være til beste for alle det angår? 
 

ROTARYS MOTTO:

"Service above Self"

Rotarys idé er at medlemmene skal arbeide for en mer menneskelig samfunnsutvikling, hvor det tas hensyn til og vises respekt for det enkelte menneske og ethvert ærlig arbeid. 
 

OM DISTRIKT 2310

Rotary distrikt 2310 er det største av 6 distrikter i Norge. Det dekker Oslo, kommunene Asker og Bærum i Akershus samt Buskerud fylke. Distriktet har Skandinavias eldste og største Rotaryklubb - Oslo R.K. som ble chartret 1. juni 1922, og som har over 200 medlemmer. 

Distriktet dekker et område på 15. 679 kvadratkilometer, mens den lengste avstanden mellom Rotaryklubbene er 350 km (Oslo - Geilo). Det er 55 klubber i distriktet vårt. Klubbfordelingen er Oslo (25 klubber), Asker (3), Bærum (8) samt Buskerud (24).