Norsk-finsk Forbund, landsmøte 17. mars 2018

Bilde
Tom Hetland Foto: Stavanger Aftenblad

Velkomsttale av Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

Kjære finske venner – og finlandsvenner: Velkommen til Stavanger og til Rogaland fylke!

Eg håpar de forstår dialekten vår. Eit godt utgangspunkt er i alle fall at det kanskje viktigaste ordet i språket – det personlege pronomenet i første person fleirtal, «me», er det same både på finsk og på rogalandsdialekt!

 

Det er ikkje berre finnar som har sans for svart humor. I 2015 og 2016 hang det eit bilde i ankomsthallen på Sola flyplass, med ein person som stod heilt yttarst på det stupbratte fjellet Preikestolen og kikka ned i avgrunnen, og med tittelen «Velkommen til Stavanger». Då var denne regionen som hardast ramma av økonomisk krise etter fallet i oljeprisen i 2014. Over 40.000 arbeidsplassar forsvann, bortimot halvparten i oljehovudstaden Stavanger og kommunane omkring.

 

Eit fellestrekk mellom vår region og Finland er at me begge har erfart at det er farleg å gjera seg økonomisk avhengig av ei enkelt næring eller produkt. For vår del er det olje og gass, for Finlands del mobiltelefonar. Kva som er verst, å vera avhengig av fossilt brennstoff som mange land prøver å erstatta med fornybare alternativ, eller å vera prisgitt kva unge menneske rundt om i verda til kvar tid meiner er det kulaste merket på mobilmarknaden, kan diskuterast. Risikabelt er det i alle fall.

 

Men denne regionen og Finland har også det til felles at me er dyktige på å  omstilla oss og koma gjennom tøffe kriser. Arbeidsløysa i Rogaland går nedover månad for månad og er nå på netto rundt 3 prosent, nesten på norsk gjennomsnittsnivå. Oljeindustrien har kutta kostnader, eller har begynt å satsa på andre ting. Næringslivet rapporterer om ny optimisme.

Blant næringane som er i vekst, er turismen. Rogaland fylke har ein svært variert natur, og utmerkar seg både som den mest «horisontale» og den mest «vertikale» delen av landet.

Me har det flate kystlandskapet på Jæren, kjent for både landets fremste jordbruk og landets finaste badestrender – for finnar er vel heller ikkje temperaturen i sjøen noko stort problem.

Og me har dei brattaste og mest spektakulære fjell, som Preikestolen og det endå villare Kjerag – 1000 meter over havet. Hit kjem hundretusenvis av turistar kvart år.

 

Ein av dei første utlendingane som oppdaga dette området var faktisk den finske general Carl Gustaf Mannerheim. I august 1918 – tre månader etter at Mannerheim hadde vunne den finske borgarkrigen for den kvite sida – var han her i Rogaland for å gå på jakt. Han reiste med båt inn Lysefjorden til Lysebotn. Der venta 12-14 timars marsj opp til Lysebu turisthytte. Kammerherre Hjalmar Linder, som organiserte og etterpå skreiv om turen, såg mørkt på at han, «med sine 56 år på baken og meir enn 10000 champagneflasker i magen», skulle klara å henga med på denne strabasiøse turen. Men det gjekk bra, og jaktlaget felte heile 17 rein og 28 ryper. At det nettopp var Linder, Mannerheims eks-svoger, som organiserte turen, er interessant historisk. Linder var ein kontroversiell person i Finland på denne tida. Han hadde sympatisert med dei kvite i borgarkrigen, men var samtidig ein talsmann for forsoning og ein skarp kritikar av dei kvites brutale behandling av raude fangar. Den personlege vennskapen hans med Mannerheim stod likevel ved lag, men det kunne ha vore spennande å vera «flue på veggen» og lytta til diskusjonane dei to jaktkameratane imellom oppe i den rogalandske fjellheimen i denne dramatiske perioden i finsk historie.

 

Så langt har eg nærsynt nok snakka om likheiter mellom Rogaland og Finland. Går me til nasjonsnivået, er det fleire eksempel på at Norge og Finland er dei nordiske landa som har mest til felles og står kvarandre nærmast. (Ein kuriositet: Det er halvparten så langt frå Kirkenes til Helsinki som frå Kirkenes til Oslo. Det er interessant når me nå har begynt å diskutera ein jernbane gjennom Finland til Kirkenes.)

Norge og Finland er like store i areal og folketal. Begge er unge nasjonar.

Begge har opplevd krig, sjølv om Finland fekk det langt hardare enn Norge, og i tillegg altså gjekk gjennom ein borgarkrig. Begge har Sverige og Russland som grannar, med alt som det fører med seg. Begge har to språk, sjølv om det definitivt er større forskjell mellom finsk og svensk enn mellom bokmål og nynorsk. Begge ligg heilt i toppen på lista over landa med dei lykkelegaste innbyggarane i verda – slik sett har Norsk-finsk Forbund eit godt utgangspunkt for sitt virke!

 

Sist, men ikkje minst: Begge er land som har idretten som ein viktig del av sin nasjonale identitet. Eg skal vera beskjeden nok til ikkje å gå særleg inn på OL i Pyeong Chang –  ikkje minst fordi bidraget frå Stavanger og Rogaland til den norske medaljehausten var lik null. Men det gledde meg stort at Iivo Niskanen vann femtikilometeren. Skulle det bli ein utlending, så var det bra at det var ein finne. Me treng Finland for fullt med på topp i vinteridretten igjen.  Som barn var det først og fremst store idrettsfolk eg forbandt med Finland. Det første OL eg minnest var i 1964 i Innsbruck. Då var eg ti år gammal, og følgde intenst med i duellane mellom vår norske langrennshelt Harald Grønningen og finske Eero Mäntyranta, og ikkje minst hoppkonkurransane, der norske Toralf Engan og Torgeir Brandtzæg og finske Veikko Kankkonen delte medaljane mellom seg, slik at Finland og Norge fekk kvart sitt gull.

 

Men la oss ikkje forlata sporten heilt. Eg sa at Stavanger er på veg ut av oljedepresjonen. Derimot er me stadig djupt inne i ein sportsdepresjon. Byens fotballag Viking rykte ned i fjor. Ishockeylaget Stavanger Oilers, norgesmeister seks år på  rad, vart i år slått ut i kvartfinalen.

Når hadde Viking sist ein gullalder? Det var tidleg på 2000-talet, då laget vart norgesmeister og til og med slo ut Chelsea i UEFA-cupen. Og kven var  ryggraden på Viking den gongen? Jo, finske Hannu Tihinen, Toni Kuivasto og Peter Kopteff. Og kven var kaptein på Oilers då klubben starta sin gylne periode i norsk ishockey? Finske Juha Kaunismäki.

Så konklusjonen må bli: La oss få finnane tilbake på Viking og Oilers! Me treng finskehjelp!

La meg tillata meg litt meir nostalgi frå barndommen. Nordiske kunnskapstevlingar på TV var populære den gongen på 1960-talet. Då vart me kjende med dei suverene finske «allvitarane». Spesielt var det ein som heitte Esko Kivikoski. Han var skogsarbeidar og snakka berre finsk. Når programleiaren spurde om spørsmålet var oppfatta, svara han djupt og sakte «kyllä». Eg synest det var merkeleg å bruka så lang tid på å seia noko så enkelt som «ja». Men når svaret kom, var det alltid rett.

 

Så har me seinare fått høyra om dei store kvalitetane ved det finske skulesystemet, og ikkje minst om den djupe respekten for kunnskap som gjennomsyrar det finske samfunnet. Mange nordmenn er blitt slått av det. Typisk nok står språkopplæring og språkkunnskapar sentralt på programmet på landsmøtet her i dag. Her er me også kanskje inne på det området der vår region har mest å læra av Finland. Me har store ressursar ute i havet. Me har storslått natur. Men på utdanningsfeltet er me ganske så gjennomsnittlege. Det er ein del av den regionale strategien i Rogaland å bygga seg opp som kunnskapsregion, ikkje minst med tanke på ei framtid utan dei store oljeinntektene. Universitetet i Stavanger er nytt, berre 13 år gammalt. Også finske forskarar gir verdifulle bidrag der. Men i arbeidet for å bli ein verkeleg kunnskapsregion, kan me sikkert i endå større grad henta erfaring og inspirasjon frå Finland.

 

Eg er glad og stolt over at de har valt å møtast i Stavanger denne gongen. Eg håpar de vil trivast i byen vår. Lykke til med landsmøtet! 

Tervetuloa!

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse