Korleis kan kultursamarbeid fremje finsk språk i Noreg?

Bilde

Innlegg på Ivalo-seminaret 23.10.2009
Rønnaug Ryssdal, Finnmark fylkeskommune/Finnmark fylkesbibliotek

1. Finnmark fylkeskommunes internasjonale arbeid

Gjeldande dokument: Internasjonale strategier for Finnmark fylkeskommune 2007-2010, og Regionale kulturstrategier for Finnmark 2008-2014.
Overordna mål: "Finnmark fylkeskommunes internasjonale engasjement skal rettes inn mot å fremme befolkningens trivsel og velferd, bidra til bærekraftig næringsutvikling og å sikre miljøet" (Internasjonale strategier, s. 10).
Grunngjeving: "Økt samkvem og samhandel med våre nabofylker er en viktig forutsetning for videreutvikling av regionen" (s. 5).

Kultursamarbeid og folk til folk-samarbeid eitt av åtte prioriterte satsingsområde.
Utfordringar: Bort frå prosjekt - meir institusjonalisering av tiltak. Ungdom må bevisstgjerast om at det fleirkulturelle og internasjonale Finnmark inneber fordelar og muligheter
Overordna: Barn og unge skal prioriterast

Tiltak:
• Etablere eit Barents kulturprogram
• Årleg bilateral samarbeidsavtale med Murmansk og Arkhangelsk om kunst og kultur + idrett
• Musikk i Finnmark samarbeider med Filharmonien i Murmansk
• Museumssamarbeid (Murmansk + Siida, Inari)
• Gjesteatelieret i Vadsø (merknad: fleire finske biletkunstnarar har hatt opphald her)
• Støtte til folk til folk-samarbeid, dvs. frivillege organisasjonar og kulturarbeidarar som tek initiativ til samarbeid
• Nettbasert kulturportal for Barentsregionen

2. Bibliotekfeltet
"Finnmark fylkesbibliotek har lange tradisjoner for samarbeid med sine søsteroganisasjoner i Finland og Russland, og spesielt med Murmansk fylkesbibliotek" (Internasjonale strategier, s. 11).
Tverrgåande samarbeid på fylkesnivå, Russland/Nord-Finland/Nord-Sverige/Nord-Noreg:
• Barents Library Conference annakvart år, på omgang mellom landa: Presentasjon av prosjekt, ideutveksling, arena for å knyte kontakter. Alle bibliotektypar deltek. Konferansespråk: engelsk (ein uting, etter RRs meining, tolking er å føretrekkje)
• Litteraturleir for ungdom i Barents (LUB-leir) annakvart år, på omgang mellom landa, for aldersgruppa 15-18 år, med forfattarar som skrivelærarar (t.d. Mikael Niemi i Vestre Jakobselv midt på 90-talet). Ikkje lett å halde gåande, årets leir i Finland vart avlyst.
• Barnas polarbibliotek, nettstad med presentasjon av barnelitteratur, der barn kan skrive bokmeldingar. (Uvisst om den norske sida fungerer pr i dag)
• Barents Library School. Avslutta prosjekt, vidareutdanning/kursrekkje for bibliotekarar innanfor ulike emne, t.d. miljøinformasjon

Anna: To interkommunale bokbussar går over grenser: Utsjok/Karasjok/Porsanger + Kautokeino/Enontekiö/Muonio/Pajala/Kiruna

Det er lite av organisert samarbeid mellom Finnmark fylkesbibliotek og Lapin maakuntakirjasto (Lapplands fylkesbibliotek) pr i dag:
• Spreidde fjernlån av spesiell litteratur som ikkje finst i eigne samlingar (men som oftast kan ein få tak i litteraturen innanlands)
• Spreidde studieturar og besøk, kontakt gjennom Barents Library Conference

3. Meir om Finnmark fylkesbiblioteks arbeid med finsk litteratur og kultur
• Finsk bibliotekteneste
o Utlån av bøker, lydbøker, film og musikk til bibliotek over heile landet
o Informasjon om tenesta: Heimeside www.fm.fylkesbibl.no/web/index.php/finsk , orientering for finsklærarar
o Tek mot besøk av skuleklasser
o Forfattarbesøk, foredragsverksemd, litteraturseminar
o Enkeltståande samarbeidsprosjekt med Lappland: Teatergruppe frå Rovaniemi på turné i Den kulturelle skolesekken, skrivekurset Arctic drama
o Samarbeider gjerne med interesseorganisasjonar
• Nytt tiltak 2010: Finnmark internasjonale litteraturfestival, www.finnlitt.org , også med deltaking av forfattarar frå Finland
• Utfordringar og muligheter:
o Den kulturelle skolesekken: Finnmark fylkesbibliotek er ansvarleg for litteraturdelen. Fleire finskspråklege produksjonar ville vere naturleg i Finnmark, t.d. finsk dukketeater, drama, song, gjerne med elevmedverking, for størst språkleg og pedagogisk utbyte
o Meir litteraturutveksling med Lappland!
Idé: årleg litteraturtreff arrangert av fylkesbiblioteka i Finnmark og Lappland, med presentasjon av ny regional litteratur. Det er stor interesse for nordfinsk litteratur blant finskspråklege i Finnmark, og det ville truleg også vere ein marknad for å få meir av denne litteraturen omsett til norsk.

4. Avsluttande spørsmål: Fremjar dette finsk språk i Noreg?

5. Personleg meiningsytring: Det er for lite utveksling mellom dei profesjonelle kulturinstitusjonane i Finnmark og Lappland. Døme frå mars 2006: Lapplands områdeteater, Rovaniemi, gjesta samfunnshuset i Utsjok med Reitari, ei teaterforestilling om biletkunstnaren Reidar Särestöniemi, basert på forfattaren Rosa Liksoms roman. Det hadde vore veldig relevant å få Vadsø med på turnéplanen! Truleg var det få på norsk side som visste om det, og det var heller ikkje annonsert i finnmarksavisene, så langt underteikna kjenner til.

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse