Prosjekt "Bygda vår"

Målet med prosjektet som skal gå over fleire år, er at borna skal lære meir om si eiga bygd. Me ynskjer også å skape eit nærare kjennskap mellom ungar/ungdom og dei vaksne/eldre som bur i bygda.

Omfang og planar

Borna vil i dette prosjektet lære svært mykje som dei ikkje har vore med på før, i tillegg til alt dei lærer om eiga bygd og folka som bur her.  Me har mange planar og idear, så får tida vise kor mykje av det me klarar å realisere :-)

 

 Planane for prosjektet omfattar:

Lage modell av bygda  

o    Lage bygningar, tre m.m. etter ein satt målestokk

o    Dekke terrenget med leire

o    Blande fargar og måle terrenget som vatn, fjell, skog, ur/røys m.m.

 Lage avis 

 o    Fotografere 

o    Skrive tekstar

 o    Be om lesarinnlegg frå bygdefolket

 o    Intervjue innbyggjarar som alltid har budd her, dei som akkurat har flytta hit, den eldste i bygda, turistar som kjem hit osv.   

o    Lage kryssord, barneside   

o    Lage reportasjar med tekst og bilete   

Her ynskjer me avtale med ein journalist som skal kome til oss i klubben for å gje oss veiledning, tips og råd. Me ynskjer også på ekskursjon til Vest-Telemark Blad for å sjå korleis ei avis vert til i verkelegheten.

Fotoutstilling  

 o    Fotografere, redigere og optimalisere bileta  

 o    Skanne inn gamle bilete  

 o    Framkalle bileta og forstørringar 

 o    Setje inn bileta i rammer og med passepartout 

 o    Lage utstilling i grendehuset

 o    Invitere til kunstutstilling og presentere bileta sine

 Historiske vandringar 

 o    Turar i bygda med kjentmenn

 §  Kvar bonde i bygda fortel om sin gard

 §  Brynesteinsbrotet, den eldste eksportartikkelen i Noreg

 §  Molybdengruvene

 §  Stålekleiv. Åse Stålekleiv eigde heile bygda og det er knytt mange sagn til ho og sønene hennar

 §  Vest-Telemark Museum Eidsborg m/Eidsborg stavkyrkje

 §  Den gamle skulen og det gamle ungdomshuset

 

 

 Denne siden ble sist oppdatert 21/8-2014

 Del denne siden på Facebook: