Oppdat. 2013-14

Dette er sidens ingress, her kan du skrive et kort sammendrag av hva siden skal inneholde. (Maks 150 tegn)

Dugnadsarbeid 2013 og 2014

Det æ ein liten stond sia me la ut informasjon om ka me har gjort på huset i det siste. Her kjem ein liten uppdatering.

Det ser betre og betre ut på bankkontoen for nytt golv i salen. (og nye vindauge...). Dugnad på Dalsmarken, påskearrangement, gubberenn, og no sist; ein kjempe vellukka quiz-kveld med stappfullt lokale 😀. Tusen takk te alle som er med å bidreg! Jobbe og/eller kaupe - alt monar.

I 2013 fekk med "nytt" bøttekott. Ragnhild, Steinar og eg rydda eit stappfullt loft, så Geir og Jørn Tjøstolv konne komme te å legge nytt tak og få på plass ei skikkeleg luke med trapp. Dei reiv og veggen millom dei små romma og gjorde det til eit fint og brukeleg rom til alle nødvendige ting. Sverre har sørga for ljos. No, i 2014, har Olav G. og Hermann tatt ut dei rote golvplankane og delar av fundamentet og lagt nytt. Hermann kom med nytt golv te køn, som Steinar har lagt. Steinar har og isolert loftet og bygga stellebord inne på det store toalettet. Bodil og Torgrim har sett på alle bøkene som kom ned frå loftet i ryddinga. Det var mykje musemat. Dei har sortert ut det som æ verdt å take vare på, og med innlemmar det i biblioteket køns. Minnar om at alle i Eidsborg kan låne bøkene som stend der. Berre sett dei på plass att, så gjenge det nesten av seg sjøl.

Takk te alle som har bidratt, og stende bak dei som heve bidratt. Takk te alle dykk som møter upp på dugnadar og arrangement! Dettan grendehuset æ eit av dei viktige bidraga te samheldet i bygda kons. Me har mykje å gjere, men det æ kjekt når det blir noko av det då. 🌷🍀🌹🌞

No æ det påskearrangement igjen i morgo, laurdag 19. april🌻

Vel møtt!

Hilde
 Denne siden ble sist oppdatert 18/4-2014

 Del denne siden på Facebook: